Eit langt kommunestyremøte

Share

Eg fekk ikkje høyre kommunestyremøtet i Valle Radio i går, men i dag høyrde eg at det var eitt av dei lengste møta som har vore i kommunestyret i Valle, dei var visst ikkje ferdige før 23.30. Då tenkjer eg at dei kunne vel heller hatt eit møte i januar, det hoppa dei over, i staden for å halde på til langt på natt.

Det vart meg fortald at i halv ti tida var dei kome til siste saka, den om Valle Industribygg. Det handla om hallen på Rysstad, den har vore avertert til salg, og no skulle det avgjerast for lukka dører, men så kom det forslag om at den skulle gå for opne dører, og då måtte dei ha eit lukka møte for å drøfte det, og dermed var det ikkje overføring ein periode, men så kom dei attende etter ei stund, og då gjekk saka for opne dører.

Tidleg i møtet var det ei sak om lokalmedisinsk senter på Evje, der leiaren var til stades for å orientere. Det førte til at eg i dag skreiv om henne på Setesdalswiki, og det var heldigvis ikkje så vanskeleg å finne nok stoff til ein artikkel, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Elisabeth_Sveen_Kj%C3%B8lsrud

Det var vanskelegare å finne noko om Sigve Bruun Jacob, som orienterte om vannområde Otra, så der er det ingen artikkel.

Dei andre sakene får eg kome tilbake til når referatet frå møtet kjem. Møtet i går var til og med nemnt på moisund.com, og det er sjeldan dei skriv om noko nord for Storestraum, så eg legg ut ei lenke til den kommentaren dei hadde: http://www.moisund.com/2014/02/27/da-steinar-kyrvestad-vart-informert-om-lokalmedisinske-tenester/

Bygdekveld på Soknehuset

Share

I morgon inviterer Hylestad skule til bygdekveld på Soknehuset på Rysstad. Eg hadde ein prat i tysdagens aktuelle time med Ole Birger Lien, som er nestleiar i FAU og som skal leie festen. Ettersom det var overføring av møte i Valle kommunestyre i kveld, nytta eg mi sending på tysdagskvelden til ein aktuell time.

Ole Birger Lien kunne fortelje at elevane på skulen har arbeidd med med bygdekvelden ei tid, dei har tema om mattradisjonar, noko som har gjort at dei har vore på Heimigard Rysstad for å sjå på prosessen frå lam til lammekjøt. Andre elevar har teke for seg andre vinklingar på temaet.

Ole Birger streka under at denne festen ikkje bare var for elevar og foreldre, men at alle var velkomne til å kome innom. På festen serverer dei mat som elevane har laga, her er både varm mat og kaffi og kaker, og så er det basar der dei har fått flotte gevinstar frå lokalt næringsliv. Utstillingar og kafe opnar klokka 15, sjølve programmet startar kan hende i halv seks-tida og det heile er vel slutt ved halv åtte-tida, meinte han og fortalde at det som oftast var mykje folk på desse arrangementa, som etter kvart er blitt ein tradisjon.

I går var det for øvrig skidag på skulane i Valle og Bygland, dei møttest på Brokke, der elevane kunne velje mellom nedoverski eller bortoverski og der veret hadde vore høveleg, om ikkje strålande, så etter ein dag ute i frisk luft, var elevane rimeleg trøytte når kvelden kom. Men snart er det vinterferie, då kan dei glede seg over all snøen ei veke framover.

Program for veke 9, 2014

Share

Tysdag 25. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Om gudstenesta 25. februar 1814
19.00 Aktuell time
20.00 Veka som gjekk
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. februar
Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Møte i Valle kommunestyre

*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Vi hadde ein avtale om å ha med Ingrid Eieland Flåt tysdagskvelden for å fortelje om Bygland Hornmusikk. Det stod og i redaksjonell omtale i Setesdølen. Men så kom det avbod frå henne, ho måtte på eit møte i Arendal som tok til klokka 18, så då kunne vi ikkje ta det på telefonen heller. Dermed vart programmet endra i høve til det som omtalen i avisa sa, og vi fekk plass til ein time med aktuelle saker:

1. Ole Birger Lien om bygdekveld på Hylestad skule
2. Svein Hjort-Olsen om reiselivssamarbeid på Hovden
3. Sigurd Haugsgjerd om opplagstala for Setesdølen
4. Marit Sølsnæs om prosjektstilling for DNT Sør i Valle

Grunnloven 200 år – jubileumsgudsteneste

Share

I dag var det jubileumsgudsteneste for Grunnloven 200 år mange stader rundt om i landet. Vi hadde planar om å ta opp gudstenesta i Hornnes kyrkje, men sjukdom gjorde at vi ikkje fekk det til, så du får ikkje høyre opptak frå den gudstenesta i sendinga til tysdag. Programmet tysdagskvelden vil likevel bere preg av denne gudstenesta, for det er sendt ut omfattande informasjon frå sentralt hald, og noko av det vil me nytte tysdag.

Eg sette meg til for å høyre gudstenesta i NRK Radio frå Oslo domkirke med biskop Kvarme og Oslo domkor. Kongen var til stades og det var helsing frå stortingspresident Olemic Thommessen. Dette borga for ei større gudsteneste enn ein til vanleg klarar å ha. Radiogudstenestene er no pressa ned til 55 minutt, for først må det vere nyheter klokka 11, så kjem gudstenesta, og den må vere ferdig litt før 12, for det må jo vere litt reklame for Brunch-programmet som skal kome like etter nythetene klokka 12. Slik var det i dag og.

Då tenkjer eg at NRK sin fingerspitzgefühl ikkje er heilt god. Ei jubileumsgudsteneste for grunnloven 200 år med konge og stortingspresident til stades burde vel kunna gå ut over dei vanlege 55 minutta som ein har alle andre sundagar. Det var protestar på at NRK sende radiogudsteneste under OL, nokre meinte at sporten var viktigare, men då svara NRK at gudstenesta gjekk framom sporten. At vi ikkje skulle få høyre heile gudstenesta frå Oslo domkirke ein dag som dette, når vurderinga tross alt er at gudstenesta er viktig, det heng ikkje heilt saman, for å seie det forsiktig.

Og Brunch, det kan ein høyre alle sundagar. Det er vel mest pludreradio uansett, og pludreradio er i grunnen ikkje anna enn bakgrunnsstøy.

Margit Løyland i Valle Radio

Share

Margit Løyland er førstearkivar i Riksarkivet i Oslo. Du kan lese om henne på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Margit_L%C3%B8yland

Tysdagskvelden var ho med i Valle Radio for å fortelje om ei hending som skjedde ein del år før 1814, men som hadde innverknad på situasjonen, i alle fall i høve til situasjonen på Agder. På Arkivverket sine heimesider er det ein tekst om Kristian Lofthus. Der heiter det: Kristian Jensen Lofthus er mest kjent som bondeopprøreren som reiste rundt på Agder og i Telemark på 1770- og 1780-tallet for å agitere mot øvrighetspersoner og borgerskap.

Margit Løyland hadde eit foredrag om Kristian Lofthus på det historiske cruiset som vart arrangert frå Oslo til Kiel i januar. Ho arbeider med dette stoffet no, med tida vil det kome bøker om det stoffet dei har i Riksarkivet.

Lofthus medverka til at folk på Agder vart meir medvitne om sin situasjon og han samla mange underskrifter mot embetsmennene på Agder. Det var gjeve arrestordre på han, og då saka kom opp i Kristiansand, var det mange folk frå Setesdal som drog til Kristiansand for å støtte han. 80 personer gjekk frå Evje til Kristiansand, men også frå lenger oppe i dalen var det representantar. Margit Løyland meinte at folk på den tida var vel vande med å gå, så å ta ein tur til Kristiansand var ikkje noko bragd.

Det heile enda med at han sat 10 år på Akershus festning, dømt til tvangsarbeid på livstid, og Lofthus døydde der. Dette kunne nok vere ein grunn til at folk på Agder mest ikkje valde embetsmenn til riksforsamlinga på Eidsvoll, men valde bønder og handelsmenn. Lofthus fekk ei rolle på 1780-talet om lag som Hans Nielsen Hauge hadde nokre tiår seinare, og dette var ein del av bakteppet for riksforsamlinga.

Margit Løyland fortalde levande om dette på god dialekt frå Grendi. I tillegg fortalde ho litt om korleis Riksarkivet tek vare på den nedskrivne soga vi har, både gjennom arkivering av offentlege arkiv, men og ved å ta vare på privatarkiv.

Onsdag var eg innom på Joker og der møtte eg Svein Brokka som fortalde at han hadde høyrt programmet og fått vite mykje han ikkje visste og at han syntest det var triveleg å høyre Margit Løyland i Valle Radio, dei var nesten naboar då Svein og Birgit budde i Grendi.

Å få respons på programma i Valle Radio er alltid hyggeleg, så takk for gode ord, og takk til Margit Løyland som delte av sin kunnskap med oss i radioprogrammet denne kvelden.

Veka som gjekk, veke 7, 2014, del 3

Share

Kommunalt
I ein region der kommunane er største arbeidsgjevar, vil det naturleg nok vere ein del stoff frå kommunal verksemd i avisa i løpet av ei veke. Det kan gjelde inneklima på Hylestad skule, no skal det bli betre luft i gymnastikksalen der. Eller det kan gjelde dårlegare klima i barnehagane i Valle, no må foreldrene kanskje betale for barnehageplassane.

I Bygland diskuterer dei om dei skal byggje stor idrettshall eller flikke på den gamle gymsalen medan Iveland sparka i gang arbeidet med kommuneplan og inviterte professor i bygdeutvikling Dag Jørund Lønning, minstebroren til Per Ståle. Dag Jørund har for øvrig vore i Valle og inspirert folka i VAFA i den tida Torjus Uppstad var sekretær i laget.

Setesdal skil seg positivt ut frå andre regionar ved at det er færre drop-outs på vidaregåande skule, noko som ein kanskje skulle undrast over ettersom unge setesdølar må flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande skule og difor lett kunne falle for freistinga til å sove på hybelen når mamma ikkje held dei i øyrene. Slik er det ikkje. Eg trur nok helst at nettopp det er at ein må stå på eigne bein, hjelper ein til å gjennomføre. Eg trur forresten at Hovden Skigymnas rekrutterer godt når ein av elevane deira kjem til topps i alpinbakken i Brokke og får sjekken på 10.000 kroner. Håpefulle unge er raske med å sende inn søknaden til skulen for å bli ein del av teamet som kan vinne.

Persongalleri
Spalta Gratulerer er eit godt galleri over folk i Setesdal. Der kunne vi lese at Ingunn Holen runda 50, den blide legesekretæren i Valle. Det hadde eg aldri trudd, men det er vel meir naturleg at John Terje Melhus runda 60 same dagen. Tidlegare i veka runda Tellef Kristian Skaiaa 60 og Kjell Geir Larsen, 70. Begge bur på Evje. Honndølane Elin Solheim Hanasand runda 60 og Gunnstein Lien runda 80. Dei Cliff Richards Congratulations

I motsett ende fann vi siste veke Magnus Tolstad på to, Embla Aasland Svenhaug på tre, Kaja Lye Lislevand på fire, Ella Tonette Flodquist på fem, Håvard Flottorp på sju, Ola Klungland på sju og Kristina Røkbuvold på seks, Jakob Austegard på 10 og Robin Mikkelsen på 11.

Og så gifta Lene Bjorå og Øyvind Tallaksen seg i Hornnes kyrkje laurdag. Då høver det med Wayne Marshall og Ole Edvard Antonsen: «Bryllupsmarsj fra Nordmøre».

Meiner du framleis at det er lite stoff i avisa? Eg har ikkje vore innom lesarinnlegga enno. Denne veka skreiv Torhild Austad innlegget Kultur og idrett, eller var det idrett og kultur?, Liv Åkre Trydal hadde innlegget Kyrkjestoge i sentrumsbygg, Leiv Rygg hadde innlegget Kommuneøkonomien i Bygland og Hans Blattmann hadde innlegget Kommunedelplan Hovden – varme og kalde senger m.m., eit innlegg som måtte delast i to.

Annonsane må eg nok bare hoppe over, for no er tida mi ute. Eg får nok heller kome tilbake til dei i eit seinare kåseri.

Veka som gjekk, veke 7, 2014, del 2

Share

Næringslivet

Den store nyheten sist veke var at Evje Trelast skal flytte inn i Skibsplasthallen på Verksmoen på Evje. Ei stund var det tale om at Bykle Vindu skulle dit, men det skar seg då bedrifta ikkje fekk dei ordrene dei håpa på. Dermed måtte dei gå frå intensjonsavtalen om å lage vindu på Evje. I staden kjem det drive-in butikk der dei før bygde plastbåtar. No kan ein kjøre inn i butikken, fylle hengaren med varer under tak og dra vidare for å reparere hus eller hytte. Større sortiment og større omsetning er målet for dei som flyttar, kan hende kjem det ei ny bedrift der Evje Trelast held til no.

Også NMS Gjenbruk er på flyttefot. Medan Evje Trelast har eit tidsperspektiv om å klare flyttinga innan mai, måtte bruktbutikken på Evje nærast kaste seg rundt på dagen og finne ein ny stad då legane kasta augo sine på staden der dei var og ville etablere legesenter der. Så var dei heldige og fekk plass hos Setesdalstrykk, og i dag opna dei ny butikk der, noko dei feira med Anitas fantastiske sjokoladekake og kaffe til alle som kom innom. Men opningssalg hadde dei ikkje, prisane er så låge på NMS Gjenbruk at om dei skulle bli lågare, måtte dei vel gje vekk varene sine. Her finn du klær og møbler og pyntegjenstander, kan hende til og med akkurat det du samlar på. Sjølv kunne eg nok tenkt meg ei og anna bok til fem kroner, men når bokhylla er full og eg ikkje maktar å kaste noko av det eg har, får det vel bli med tanken.

Sist veke fekk vi og vite at gjelden då Bleieboden gjekk konkurs, var på fem millionar. Dei brukte ein del pengar på å pusse opp Bergtun i Valle, laga kafé og hadde mange planar. Men så ville ikkje folk ha gjenbruksbleier lenger, og då fall botnen ut av den marknaden. Frå å vere storkunde hos Postverket vart Tine sjukepleiestudent og Knut måtte ut på arbeidsmarknaden att. No ser det ut til at Valle Blomar og Gåver vil inn i Bergtun.

Som del av Tine går nok ikkje meieriet på Byglandsfjord konkurs. Smør og andre melkeprodukt vil me ha. Sist veke kom det ei gladmelding derifrå, no vil dei lage smør av geitemelk. Det vert endå meir eksklusivt enn Kviteseidsmøret, skal seljast til gourmetrestaurantar i Oslo. Det må vel kallast smaken av Haukeli, ettersom dei får fløten derifrå. Smaken av Setesdal har etablert seg som samvirkebedrift med mange matprodusentar som deltakarar og Åse Ingebjørg Flateland som styreleiar. Men dei vil ha fleire lokale produsentar av kortreist mat på banen og med i samvirket.

I ein kulturregion som Setesdal kunne nok mange ønske at det vart meir næring ut av kulturen. Byglandsordførar Leiv Rygg kan tenke seg eit kulturbygg der prestegardsløa står i dag, men det må private interessar til for å bygge det. Han ser for seg at ein gründer med ein god ide og mykje pengar skal bygge huset i samarbeid med kommunen og finne plass til samfunnssal, kafe, utsal og utstillingslokalar. Kommunen kan nok drive idrettshall med fulle mål, men kulturbygg i tillegg vil ta knekken på økonomien, trur han, ikkje minst fordi folketalet går nedover. Kunne ein få auke i folketalet, ville det vere ei anna sak.

Det er nok lettare å etablere seg på Hovden enn på Bygland. Norsk Luftambulanse etablerer seg på Hovden i vintersesongen med støtte frå kommunen, Sykehuset Sørlandet og Sykehuset Telemark. Kommunen legg til rette for basen, staten tek utgiftene med sjuketransporten. Det er ein vinn/vinn-situasjon og styrker Hovden som vinterdestinasjon, meiner ordførar Jon-Rolf Næss og det er det nok ingen som er uenige med han i.

Veka som gjekk, veke 7, 2014

Share

Tysdagskvelden starta eg ein kåseriserie i Valle Radio om veka som gjekk. Eg har tenkt at i gamle dagar sette folk pris på kåsørar i radioen, anten dei heitte Richard Herrmann eller Arthur Klæbo. Utan å måle meg med slike kjente namn har eg tenkt at sjangeren kunne vere god å bruke i Valle Radio. Det har eg gjort i mine små kåseri til innleiing om tysdagskveldane, men kan hende kunne dei byggjast ut og bli noko meir.

Og så kom eg til å tenkje på at eg i grunnen har stoffet rett framfor nasen. I og med at eg legg onverskriftene frå Setesdølen inn på Setesdalswiki, kunne eg jo nytte det stoffet som grunnlag for kåseria mine. Du som høyrer på er kanskje av dei som blar fort gjennom Setesdølen og seier at det var ikkje noko særleg interessant i avisa i dag, og så legg du ho bort. Mi erfaring er at det dei fleste dagane er noko interessant i avisa, og at dei som skriv der, finn stoff som ein kan ha glede over i ulike samanhengar.

Sport

I veke 7 starta OL, men Setesdølen var ikkje oppteken av sporten i Sotsji før Maiken Caspersen Falla vann sprinten der. Grunnen til at ho då kom i Setesdølen, var at ho har vore elev på Hovden Skigymnas og dermed var ein utøvar med lokal tilknytning. Frå Hovden skigymnas til toppen av OL-pallen, var tittelen på baksida av avisa, og sanneleg fekk vi vite at Bykle-ordføraren, som er i permisjon frå stilling på Hovden Skigymnas og truleg har hatt Maiken som elev, unna seg ein fersk muffin frå ein bensinstasjon i Telemark for å feire hendinga. Eg lurer nå likvel på om muffinsane er ferske på bensinstasjonane i Telemark.

Sjølv om avisa ikkje var oppteken av sporten i Kaukasus, fekk vi vite at Gaute Kvåle og Elin Uppstad vann skirennet opp alpinbakken i Brokke og dermed kunne ta med seg kvar sin sjekk på 10.000 kroner. I Valle Radio onsdagskvelden fekk du vite at dei begge ville bruke pengane på sporten sin, kan hende ikkje så mykje til utstyr som til å dekke generelle kostnader i samband med engasjementet. Vi fekk og vite at arrangørane var godt nøgde med Brokke Mini Tour, og i radioen fortalde Jon Ola Rysstad at dei hadde fått mykje godord for arrangementet, til tross for det kraftige snøveret sundagen. Med over 100 deltakarar begge dagane var målet for arrangementet nådd. Men det var mykje arbeid.

Elles kunne vi få vite at 1124 var påmelde til Hovden Tour, noko som er om lag det same som på denne tida i fjor. Men om ein vil vere med på gratis buss oppover dalen, hastar det med påmelding, for den tek til å bli full. Avisa hadde og fullstendig liste over dei 36 som var med i Telenorcup-rennet på Heistad 11. februar. Dei minste var fem år og yngre, dei eldste var i klassen 14-15 år, så her glimra dei yngste til glede for ivrige foreldre på sidelinja. No får du OL-floka med Lindesnes Trekkspillklubb.

5000 artiklar på Setesdalswiki

Share

I dag runda vi 5000 artiklar på Setesdalswiki. Det er ein stor milepel som godt kan nemnast på bloggen her. Artikkel nummer 5000 var artikkelen om eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande. Det var Siri Johannessen som la inn artikkelen, som var basert på artikkelen på lokalhistoriewiki om mannen frå Grendi. At det vart denne artikkelen som vart artikkel nr. 5000, høver jo godt i samband med at 200-årsjubileet vart starta offisielt denne veka. Det er jo og markert i serien vi har i Valle Radio, der Margit Løyland frå Grendi i kveld skal fortelje om Kristian Lofthus. Hendingane rundt han var med på å førebu valet som skjedde i 1814.

Det tok knapt ein månad å skrive dei hundre artiklane frå 4900 til 5000. Takk og til Knut Olav Uppstad og Geir Daasvatn, som var to av dei som skreiv artiklar siste månaden.

Her siterer eg litt frå artikkelen:

Eivind Torkjelson Lande (døypt 1. januar 1759 i Årdal kyrkje, Bygland, død 9. mai 1833 same stad)[1][2] var gardbrukar i Grendi, tømmermerkar og eidsvollsmann.

Han vart fødd på Åsen, og døypt, konfirmert og gravlagd i og frå kyrkja i Grendi. Det var små kår på Åsen, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Han vart gjetar på Skreland i Jordalsbø, Bygland. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene arbeidde han med skipsbygging i Skien.

I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[3]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor, far til Gyro, ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historia om Eivind si friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg[4]. Gyro og Eivind busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med sonane[5]. Seinare tok dei over Øvre Lande i Grendi. Dei fekk sju born, men to av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.

Noverande ordførar Leiv Rygg er ein av dei.

Program for veke 8, 2014

Share

Tysdagskvelden blir Margit Løyland frå Grendi med i Valle Radio. I radioen sin serie om Grunnloven 200 år vil ho belyse bakgrunnen for at vi fekk Riksforsamlinga i 1814 ved å fortelje om Kristian Lofthus. Ho hadde foredrag om han på historisk cruise til Kiel med Riksarkivet til Kiel i januar, og no deler ho kunnskapen sin med lyttarane i Valle Radio. Margit Løyland er førstearkivar i Riksarkivet i Oslo.

Denne kvelden vil programleiar Harald Haugland og prøve seg på ein vekerevy. I programmet Veka som gjekk vil han sjå på det som stod i Setesdølen sist veke. Det skjer i form av eit kåseri med eit og anna musikkinnslag.

Tysdag 18. februar

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Margit Løyland om Kristian Lofthus
19.00 Open time
20.00 Veka som gjekk
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken