5000 artiklar på Setesdalswiki

Share

I dag runda vi 5000 artiklar på Setesdalswiki. Det er ein stor milepel som godt kan nemnast på bloggen her. Artikkel nummer 5000 var artikkelen om eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande. Det var Siri Johannessen som la inn artikkelen, som var basert på artikkelen på lokalhistoriewiki om mannen frå Grendi. At det vart denne artikkelen som vart artikkel nr. 5000, høver jo godt i samband med at 200-årsjubileet vart starta offisielt denne veka. Det er jo og markert i serien vi har i Valle Radio, der Margit Løyland frå Grendi i kveld skal fortelje om Kristian Lofthus. Hendingane rundt han var med på å førebu valet som skjedde i 1814.

Det tok knapt ein månad å skrive dei hundre artiklane frå 4900 til 5000. Takk og til Knut Olav Uppstad og Geir Daasvatn, som var to av dei som skreiv artiklar siste månaden.

Her siterer eg litt frå artikkelen:

Eivind Torkjelson Lande (døypt 1. januar 1759 i Årdal kyrkje, Bygland, død 9. mai 1833 same stad)[1][2] var gardbrukar i Grendi, tømmermerkar og eidsvollsmann.

Han vart fødd på Åsen, og døypt, konfirmert og gravlagd i og frå kyrkja i Grendi. Det var små kår på Åsen, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Han vart gjetar på Skreland i Jordalsbø, Bygland. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene arbeidde han med skipsbygging i Skien.

I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[3]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor, far til Gyro, ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historia om Eivind si friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg[4]. Gyro og Eivind busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med sonane[5]. Seinare tok dei over Øvre Lande i Grendi. Dei fekk sju born, men to av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.

Noverande ordførar Leiv Rygg er ein av dei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *