Agders første folkevalde

Share

Dette var temaet i samtalen eg hadde med Trond Bjerkås i Valle Radio tysdagskvelden. Trond Bjerkås skreiv ein artikkel om Vest-Agders første folkevalde i Fædrelandsvennen for vel ei veke sidan. I samband med Grunnloven 200 år kjem det mykje stoff i mange aviser om emnet, og serien med program i Valle Radio peikar på noko av dette stoffet.

Trond Bjerkås peika på det interessante faktum at i Vest-Agder var det få embetsmann som vart vald til Riksforsamlinga på Eidsvoll frå fylket. Frå Råbyggelaget kom ein sorenskrivar og to bønder. I Fædrelandsvennen i går var det og eit greitt oversyn over utsendingane.

Eg lurte på om han hadde tenkt noko på grunnen til det, og han fortalde då at bøndene på Agder i mindre grad enn elles i landet valde prestar eller andre embetsfolk til oppgåva. Dette meinte han kunne skuldast at bøndene alt hadde trening i å delta i slike demokratiske oppgåver sjølv om dette truleg var det første tilnærma demokratiske valet i Norge. Bøndene hadde i mange år, heilt frå midt på 1700-talet delteke i fattigkommisjonar og sunnhetskommisjonar. Dermed hadde dei fått tru på at dei sjølve kunne gjere jobben som måtte gjerast, det var ikkje naudsynt med ein embetsmann til det. Utover på 1700-talet auka talet på folk som kunne lese og skrive, noko som og talte for at dei ikkje utan vidare valde folk som hadde utdanning frå Danmark til å representere seg.

Du kan lese artikkelen til Trond Bjerkås her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vest-Agders_f%C3%B8rste_folkevalgte

Tysdag skal vi snakke med Margit Løyland om noko av føresetnadene for at det vart slik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *