Bonmen borte

Share

Hekni bomstasjon er borte. Det skjedde sist fredag, og no står fotoboksane på nord og sør med plastsekk over seg, godt festa med tape. Ingebjørg Godskesen frå Frp har vore aktiv i denne samanhengen, og onsdagskvelden var ho med i Valle Radio for å dele gleda med lyttarane i radioen.

-Det var moro å vere der, sa ho, eg kom heim frå eit møte i Strasbourg ein dag tidlegare enn planlagt for å få det med meg, sa ho. Ordførar og fleire andre var til stades ved markeringa, og sjølv om det ikkje møtte opp mange publikumarar ved markeringa, tuta dei som køyrde forbi og vinka og synte at dette var eit populært tiltak.

Ingebjørg Godskesen gav blomar til første bilist forbi bommen utan å betale, det var Aud-Johanne Røren Strand, som hadde vore på eit skulemøte og skulle heim att til Arendal.

-Dei millionane som stod att å betale ved innkreving av bompengar er no betalte, sa Ingebjørg Godskesen. No gjeld det å finne pengar til å vidareføre arbeidet med gul midtstripe til Hovden. Eg skal sitje på fanget til statssekretær Bård Hoksrud til han lovar å skaffe pengane, og treng folk frå Setesdal hjelp til å ordne eit møte med han, er det bare å ta kontakt, sa ho.

Alt måndag var ein delegasjon frå Aust-Agder hos Hoksrud for å snakke om vidare finansiering, men i Setesdølen i dag stod det at han ikkje hadde kome med nokon lovnad på det møtet. Det same sa Ingebjørg Godskesen, ho meinte at pengane måtte kome i revidert nasjonalbudsjett til hausten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *