Brokke Mini Tour 2014

Share

Brokke Mini Tour 2014 var tema i Haralds time onsdagskvelden. Jon Ola Rysstad var i studio og fortalde om arrangementet og sa at han vona på 100 deltakarar og onsdagskvelden, like før fristen for påmelding gjekk ut, var det 103 påmelde. I kveld las eg på Valle IL si side at det hadde vore 150 deltakarar på laurdagen og 115 på sundagen. http://www.valle-il.no/:/valle/:/Brokke_Mini_Tour_2014-_Ein_Suksess_.html

Takka vere svært mange gode dugnadsarbeidarar vart rennet ein suksess, gode sponsorar gjorde nok og sitt til det. Ikkje minst var det gode gulrøtter for unge deltakarar at Valle Sparebank stilte opp med utviklingsstipend på 10.000 kroner til vinnarane i klasse under 23 år. Der vann Elin Uppstad jenteklassen og Gaute Kvåle, Røldal IL guteklassen.

Eg snakka med Øystein Berg i kveld, han hadde vore parkeringsvakt og fortalde at det var kome mykje snø på fjellet i helga, kan hende opp mot ein halv meter. Når så brøytekantane er to meter høge, er det ein stri jobb å få bort snøen slik at folk får parkere, og utan parkering er det ikkje lett å arrangere skirenn. Men også det hadde gått på ein høveleg måte etter det eg skjøna.

Av det som står på Valle IL sine sider, skjøner eg at arrangementet er kome for å bli. Valle IL, Brokke Alpinsenter og Oddersjaa skiklubb var arrangørar, Jon Ola fortalde i radioen at dei var svært glade for å få med Oddersjaa, for dei har god kompetanse på tidtaking, og i eit slikt renn er tidtaking svært viktig.

Ikkje mindre viktig er trakking og gode løyper, og der var Jan Asbjørn Uppstad ansvarleg, det er han som syter for dei gode løypene i Brokke. Kvar dag vinteren gjennom har folk glede av jobben han gjer. Eg vonar å få med meg Jan Asbjørn i Valle Radio onsdagskvelden for å fortelje om korleis han opplevde helga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *