Bygdekveld på Soknehuset

Share

I morgon inviterer Hylestad skule til bygdekveld på Soknehuset på Rysstad. Eg hadde ein prat i tysdagens aktuelle time med Ole Birger Lien, som er nestleiar i FAU og som skal leie festen. Ettersom det var overføring av møte i Valle kommunestyre i kveld, nytta eg mi sending på tysdagskvelden til ein aktuell time.

Ole Birger Lien kunne fortelje at elevane på skulen har arbeidd med med bygdekvelden ei tid, dei har tema om mattradisjonar, noko som har gjort at dei har vore på Heimigard Rysstad for å sjå på prosessen frå lam til lammekjøt. Andre elevar har teke for seg andre vinklingar på temaet.

Ole Birger streka under at denne festen ikkje bare var for elevar og foreldre, men at alle var velkomne til å kome innom. På festen serverer dei mat som elevane har laga, her er både varm mat og kaffi og kaker, og så er det basar der dei har fått flotte gevinstar frå lokalt næringsliv. Utstillingar og kafe opnar klokka 15, sjølve programmet startar kan hende i halv seks-tida og det heile er vel slutt ved halv åtte-tida, meinte han og fortalde at det som oftast var mykje folk på desse arrangementa, som etter kvart er blitt ein tradisjon.

I går var det for øvrig skidag på skulane i Valle og Bygland, dei møttest på Brokke, der elevane kunne velje mellom nedoverski eller bortoverski og der veret hadde vore høveleg, om ikkje strålande, så etter ein dag ute i frisk luft, var elevane rimeleg trøytte når kvelden kom. Men snart er det vinterferie, då kan dei glede seg over all snøen ei veke framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *