Dansedykk

Share

Onsdagskvelden var Kjell Nomeland i Valle Radio og fortalde om Dansedykk på Riksscenen som skulle skje laurdag. No når eg skriv dette er vel snart festen over for dei glade dansarane i Sæbyggjan, leikarringen som vart starta opp i jula 2010 og som har vore med på Landskappleiken og snart dansar i A-klassa, i alle fall om det går som Kjell håpar.

Sjølv har han dansa gangar heilt frå han var liten og var med i Kirsten sin leikarring, som så mange på Rysstad. Så tok han det opp att i ungdomsskulen, og seinare vart han med då Sæbyggjan vart starta. No er han ein ivrig talsmann for gangardansen. I dag har han lært bort dansen til folk i Oslo saman med Daniel og Tor, den siste spelemann i A-klasse, den første spelemann vel helst utanfor klasse, drivande dyktig på mest kva instrument det skulle vere, meinte Kjell.

Han fortalde at det nok var Sigrid Jore som hadde vore primus motor for å få i gang Dansedykk, ho studerer på Musikkhøgskulen og er aktiv i folkemusikkmiljøet på Riksscena, men Sigrid Berg var og viktig i Sæbyggjan. Øvingane i laget skjer helst i feriar og når dei elles kan samlast i Valle, dei har ikkje faste øvingar ettersom folk bur spreidd og vel bare har til felles at dei kjem frå Setesdal. Av og til får dei og med seg folk utanfor dalen.

Og spelemennene må ha litt tempo, dei kan mest ikkje spele for fort, spelar dei for seint, blir det heller meir som å danse i graut, sa Kjell, og det er ikkje moro. Han gledde seg til denne helga, dei var 8 personar som skulle dra inn frå Setesdal, dei andre er vel helst i Oslo og nærleiken. Han ville ikkje spå om kor mange som kom til å delta, men vona dei blei mange som kom, først til kurs, sidan til konsert og til slutt til dans og folkemusikkpub, slik dei pleiar å ha når dei møtest i Setesdal.

Dei har i alle fall ein god talsmann i Kjell Nomeland, han er velkomen tilbake i studio med meir informasjon om Sæbyggjan når det måtte høve.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *