Fellesskap i 40 år

Share

Nomeland bedehus feira 40 år laurdagskvelden med eit variert program. Bjørgulv T. Berg leia festen etter at styreleiar Torleiv D. Bjørgum hadde helsa velkomen. Leiinga var uformell, prega av at folk hjelper kvarandre når fellesskapet er saman. Etter eit par songar las eg prologen eg hadde skrive, Eit hus for håp. Sissa Ringstad, Siri Melhus og Gro Håtveit var forsangarar, og Bjørgulv hadde fått med seg min kollega Øystein Berg på piano medan han sjølv spelte gitar. Det gav ein rungande song.

Av andre programinnslag må eg nemne Torbjørg, som hadde late Lavrans vere heime denne kvelden for å lade opp til OL i sushi i selskap med Smirnoff. Else Gyro Rysstad hadde og mange andre gode poeng i helsinga, ikkje minst poenget om å Sela, finne ro og fred på bedehuset, som det står i Salme 3 og 4. Opp av veska drog ho gode bukseselar for å understreke poenget.

Knut T. Brokke hadde studert Bygdesogeskrifter og fortalde litt om det første bedehuset på Nomeland, slik vart det trekt linjer langt tilbake. Matøkta var strålande, Knut og Anny hadde laga suppe, nybakte lefser frå Jorunn Lund Harstad så vel som rundstykke smakte nydeleg og vart runda av med kaffe og kaker som det høver seg i eit bursdagsselskap.

Viggo Wilhelmsen talte og nytta same teksten som Sverre Olsen hadde brukt ved vigslinga av huset i mai 1973 og streka under korleis han som tilreisande predikant likevel kjende seg eitt med bedehusforsamlinga på Nomeland, det kristne fellesskapet finn ein både i Setesdal og i Korint, der han er eldstebroder i kyrkjelyden som har blitt etablert som følgje av verksamda til Viggo. Ei jubileumsgåve vart gjeven til dette arbeidet. Kostnadene ved festen vart dekte ved ei utlodning, der var årene utselde før alle hadde fått kjøpe.

I programmet i Valle Radio tysdagskvelden sa Torleiv at festen skulle vare frå fire til sju, men klokka var godt over halv åtte då vi avslutta. Triveleg å få vere saman denne kvelden og møte vener og medarbeidarar frå tida me budde på Nomeland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *