Gamle klede

Share

I går kveld hadde eg Astrid Nomeland på telefonen. Ho er for tida engasjert i å samle inn gamle klede som vert sende til Ukraina med Halvard Hasseløy sitt prosjekt Open Heart. Ho fortalde at dei er i innspurten med innsamlinga no, på laurdag kjem bilen for å hente det som no ligg i store stablar på Nomeland bedehus. Folk har mykje klede som fyller skap og skuffer, sko og, til og med sengetøy og handkle som dei ikkje lenger har bruk for. Då er det betre om det kan kome til nytte andre stader.

Laurdag skal det og vere eit møte i Bykle, fortalde Astrid, då vil det kome i musikkgruppe også, dei støttar arbeidet og vil ta opp kollekt til prosjektet. Astrid meiner at det er fint om folk gjev 50 kroner pr. sekk for frakta, ho hadde til og med kontonummeret til Klippen Bykle som ho las opp i telefonen om nokon ville støtte prosjektet.

I Ukraina hjelper Hallvard Hasseløy sitt prosjekt 600.000 personar på eit år. Det er dei fattigaste av fattigfolk i landet som får hjelp til varme klede og mat. Det heile starta i 1993, då Hasseløy, som var evangelist i Norge etter å ha gått på bibelskolen i Sarons Dal som ung, var med på ein tur til Ukraina med hjelpesendingar. Då skifta arbeidet hans fokus, vi må hjelpe der vi kan hjelpe, og i Ukraina var det stor naud. Etter kvart har han fått med seg mange i arbeidet, og innsamlinga av klær skjer i ulike deler av Norge. Det kjem inn så mykje klær at no køyrer ein trailer frå Norge til Ukraina mest kvar veke.

Astrid fortalde levande om innsamlinga, der ho har god hjelp av mannen Knut til å hente klede hos folk som ringer og ikkje sjølv kan levere sekkene på Nomeland bedehus. Men laurdag er det slutt for denne gongen, då kjem ein bil frå Vennesla og hentar det som er samla inn, først i Bykle og så i Valle, og tek det til Vennesla, der den store traileren vert fylt av klær og så set kursen mot Ukraina. Ho tek imot posar med klær fram til då, det er bare å fylle ein pose og levere på bedehuset saman med ein femtilapp til frakt, så vil det du ikkje har bruk for meir, kunne varme folk som har mindre enn oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *