Gryande demokrati

Share

I kveld fekk eg ein svært interessant samtale med Chris Nyborg, som jobbar på Lokalhistorisk Institutt om Grunnlovsjubileet. Han hadde skrive artikkelen på lokalhistoriewiki om korleis Olav Knutsson Tveiten Eivind Torkildson Lande vart vald til å representere Råbyggelaget. Prins Christian Frederik hadde gjeve detaljert instruks om korleis valet skulle skje og til 100-årsjubileet kom det ut ei bok med namna på alle som vart valde på møta i prestegjelda til å vere valmenn.

Råbyggelaget var svært lite, så om ein skulle hatt to utsendingar frå kvart prestegjeld, ville det vore 12 personar som vart valde. Difor gjorde dei ei lokal tilpassing her og valde to frå kvart sokn. Kven det var, kan ein lese om i artikkelen han har skrive på Lokalhistoriewiki: http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Val_til_Riksforsamlinga_1814_i_R%C3%A5byggelaget

Det spesielle med Råbyggelaget var at dei valde to bønder og ein embetsmann. Bare Mandals amt gjorde noko tilsvarande, dei valde tre bønder. Instruksen frå regenten var å velje to embetsmenn og ein bonde, men slik vart det altså ikkje, kunne Chris Nyborg fortelje. Elles i landet fylgde dei regenten si oppskrift. Nyborg såg det som den gryande starten på den demokratiske utviklinga som har skjedd i landet.

Vi snakka og litt om levekåra i Norge i 1814. Han siterte frå eit brev ein eidsvollsmann hadde sendt heim til kona om at han delte seng med ein lensmann og lurte på kor mange politikarar som i dag ville delt rom med ein annan person om dei var på ei offisiell reise. Han fortalde og at trakteringa var god, i motsetning til kva det var elles i landet dette året, etter at det hadde vore hungersnød og uår. Vi snakka og om at dei to som reiste til Eidsvoll frå Setesdal var velståande, den eine var handelsmann, den andre var lensmann, og dermed hadde dei betre inntekter enn bønder flest. Men dei var svært medvitne om at dei var bønder, det kom fram i fleire samanhengar.

Halvtimen gjekk alt for fort, men Nyborg lova å bli med fleire gonger om vi hadde bruk for han i Valle Radio. Vi hadde planlagt å snakke om eidsvollsmenn.no, men det vart det ikkje tid til, så det får vi kome tilbake til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *