Helgetaxi

Share

Er det mogleg å få løyve til å køyre helgetaxi utan å måtte binde seg til å køyre 24 timar sju dagar i veka? var spørsmål i Bykle kommunestyre sist veke. Dette vart det sak på i Setesdølen, og i kveld hadde eg det som ei av sakene i Haralds time i Valle Radio. Eg hadde avtalt med Leiar av samferdselskontoret i Aust-Agder, Leiv Egil Thorsen og Jon-Rolf Næss, ordførar i Bykle, om å vere med på telefonen frå kvar sin ende av fylket.

Diverre lukkast det oss ikkje å få kontakt med Arendal, der var telefonen oppteken. Teknikar Kåre ringte og ringte, men måtte til slutt vende tommel ned, det var oppteke frå 20.30, då eg hadde avtalt å ringe han og heilt til eg avslutta samtalen med Jon-Rolf etter ti minutt. Men Jon-Rolf var på tråden som avtalt, og han greidde ut om problemet. Han fortalde at dette ikkje var noko kommunen eigentleg hadde noko med, men ei sak som dei prøvde å hjelpe med, for, som han sa, det er jo bedriftene på Hovden som får kjeften når folk ikkje får taxi etter å ha vore ute om kvelden, eller når dei skal ut om kvelden. Og på Hovden er det ein meter med snø, noko som gjer at det er mykje folk der i helgene framover vinteren. Kan hende kunne bedriftene på Hovden få ei ordning med turvogn-løyve.

Thorsen i Aust-Agder fylkeskommune, som administrerer løyveordninga, sa i telefonen til meg då vi avtalte at han skulle vere med i radioen at det han kunne seie var at dei kunne sende ein søknad til fylket, så skulle dei ta det opp med Samferdselsdepartementet om korleis lova skulle forståast og om det var høve å gi dispensasjon for helgetaxi. Men dei måtte få ein søknad, slik at dei hadde noko å ta utgangspunkt i. No fekk han ikkje seie det på lufta, men eg sa det om lag slik i programmet, ut frå det han hadde sagt då vi snakka saman tidlegare i dag.

Jon-Rolf lova at dei skulle vende seg til fylket med saka og så fekk dei sjå kva som vart løysinga. Det vert nok ikkje noko løysing i vinter, men kan hende til neste år, sa eg. Vi må finne ei løysing så fort som råd, sa han.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *