Hurra!

Share

Då eg kom ut av radiohuset i går kveld, trudde eg ikkje mine eigne augo. Eg hadde ikkje lagt merke til det då eg gjekk inn, men det er kome lys i trappa. I alle år har vi klaga på at det har vore så mørkt i trappa når vi skal gå heim om kvelden. Vi som er litt oppe i åra, likar godt lys, då er det lettare å sjå kor ein trør, og vi har ikkje lyst å gå på hovudet ned ei lang trapp. (Vi har vel heller ikkje lyst å gå på halen på glatta utanfor, slik eg gjorde ein kveld i fjor, men det er ei anna sak.)

For meg var det eit av mange høgdepunkt på ein kveld som diverre ikkje starta så godt, for det kom ingen til programmet Kommunen informerer. Dermed måtte eg turrprate den første halvtimen, og det er ikkje alltid like lett. Men med ein hyggeleg teknikar si hjelp, Liv Gunn fann noko musikk vi kunne bryte av med, så gjekk det vel høveleg greitt.

Men i Haralds time var det først Vidar Helle frå Hylestad Auto som kom. Han fortalde om nybygget dei set opp, tre-fire millionar gjev meir plass til butikk og verkstad. Vidar meinte at det var bra med fleire scooterforhandlarar, konkurranse er sunt, og no fyller dei butikken med varer. Opninga av det utvida anlegget blir 15. mars.

Deretter kom Kjell Nomeland og fortalde om dansedykk i Oslo. Han hadde med seg Kirsten Bråten Berg, ho var danselærar for han då han var liten og gledde seg over det Sæbyggjan har fått til. Å halde kurs, konsert og dansekveld på Riksscenen, det var det største dei hadde vore med på, og Kjell var strålande nøgd med helga, sjølv om både han og dei andre var ganske lemstre sundagen då dei tok tog til Bø og køyrde heim derifrå. 35 på kurs, 16 deltakarar i Sæbyggjan, han hadde namna på dei fleste.

Denne kvelden kunne vi altså få vite noko om korleis det gjekk med det som han hadde fortald skulle skje veka før. Då fungerer Valle Radio på ein god måte. Med lys i trappa fungerer det godt utanfor radioen og. Kan ein ønskje meir?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *