Immateriell kulturarv

Share

Immateriell kulturarv kom på dagsorden i 2003. Då gjorde UNESCO den til eit satsingsområde og i 2007 ratifiserte Norge konvensjonen. Med omgrepet tenkjer ein særleg på folkloristiske tradisjonar som har halde seg munnleg frå tida før ein fekk ein skriftkultur. Dette er bakgrunnen for at Setesdal Spelemannslag har gått i gang med å registrere folk som kan folketonar, stev, bånsullar og regler og slik er bærarar av immateriell kulturarv.

Onsdagskvelden var Kirsten Bråten Berg i studio for å fortelje om eit kurs ho skal ha i Valle denne våren og hausten. Det blir tre samlingar i vår, men ikkje i lemminga, som ho sa og tre samlingar til hausten, kvar på to timar. Grunnen til at ho var i radioen, var at sjølv om kurset er annonsert i foldaren som er sendt ut om kurs, var det for få som hadde meldt seg, ho kunne fortelje at det bare var to personar som hadde meldt seg på til onsdag.

Det er jo eit paradoks at når Kirsten held kurs i Oslo og andre stader, så er dei fullteikna, men eit kurs i Valle står i fare for å avlysast. Difor tok eg telefonen i går og melde meg på. Eg fekk med meg eit par av elevane mine, dei burmesiske flyktningane i Valle er glade i å synge, og det kunne vere eit godt høve til å bli kjent med den immaterielle kulturarven i bygda dei er komne til. Med tre nye namn på lista kunne Kirsten gå i gang med å planlegge oppstart av kurset, som kostar 480 kroner. Du kan og melde deg på, send henne ein epost eller ta ein telefon, så får du ei kulturell oppleving denne våren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *