Margit Løyland i Valle Radio

Share

Margit Løyland er førstearkivar i Riksarkivet i Oslo. Du kan lese om henne på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Margit_L%C3%B8yland

Tysdagskvelden var ho med i Valle Radio for å fortelje om ei hending som skjedde ein del år før 1814, men som hadde innverknad på situasjonen, i alle fall i høve til situasjonen på Agder. På Arkivverket sine heimesider er det ein tekst om Kristian Lofthus. Der heiter det: Kristian Jensen Lofthus er mest kjent som bondeopprøreren som reiste rundt på Agder og i Telemark på 1770- og 1780-tallet for å agitere mot øvrighetspersoner og borgerskap.

Margit Løyland hadde eit foredrag om Kristian Lofthus på det historiske cruiset som vart arrangert frå Oslo til Kiel i januar. Ho arbeider med dette stoffet no, med tida vil det kome bøker om det stoffet dei har i Riksarkivet.

Lofthus medverka til at folk på Agder vart meir medvitne om sin situasjon og han samla mange underskrifter mot embetsmennene på Agder. Det var gjeve arrestordre på han, og då saka kom opp i Kristiansand, var det mange folk frå Setesdal som drog til Kristiansand for å støtte han. 80 personer gjekk frå Evje til Kristiansand, men også frå lenger oppe i dalen var det representantar. Margit Løyland meinte at folk på den tida var vel vande med å gå, så å ta ein tur til Kristiansand var ikkje noko bragd.

Det heile enda med at han sat 10 år på Akershus festning, dømt til tvangsarbeid på livstid, og Lofthus døydde der. Dette kunne nok vere ein grunn til at folk på Agder mest ikkje valde embetsmenn til riksforsamlinga på Eidsvoll, men valde bønder og handelsmenn. Lofthus fekk ei rolle på 1780-talet om lag som Hans Nielsen Hauge hadde nokre tiår seinare, og dette var ein del av bakteppet for riksforsamlinga.

Margit Løyland fortalde levande om dette på god dialekt frå Grendi. I tillegg fortalde ho litt om korleis Riksarkivet tek vare på den nedskrivne soga vi har, både gjennom arkivering av offentlege arkiv, men og ved å ta vare på privatarkiv.

Onsdag var eg innom på Joker og der møtte eg Svein Brokka som fortalde at han hadde høyrt programmet og fått vite mykje han ikkje visste og at han syntest det var triveleg å høyre Margit Løyland i Valle Radio, dei var nesten naboar då Svein og Birgit budde i Grendi.

Å få respons på programma i Valle Radio er alltid hyggeleg, så takk for gode ord, og takk til Margit Løyland som delte av sin kunnskap med oss i radioprogrammet denne kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *