Nomeland bedehus 40 år

Share

Laurdag 1. februar samla om lag 40 personar seg på Nomeland bedehus for å markere at det er 40 år sidan huset vart reist. Eg skreiv om dette på bloggen sundag 2. februar. Til festen skreiv eg ein prolog. Den får du i kveld:

Prolog til festen for
Nomeland bedehus 40 år, 1. februar 2014

Eit hus for håp

I 90 år har folk samlast her
for på Nomeland bedehus saman me er
i eit hus for håp og nåde og fred.

Frå 1926 har folk lagt vegen bort
til Nomeland bedehus ei kveldsstund kort
for å samlast til bøn og Bibel og sang.

Det første huset no borte er,
i 40 år har me samlast her,
i huset for nåde og håp og fred.

Såve og Eivind, Knut F og Knut O
trufaste kalla dei saman til bøn
ingen av dei tenkte på løn
for dugnad med snekring og brøyting
for timar med omsorg for Hylestad

Ingebjørg, Tone og Liv og Gro
samla barn om misjonen og Herrens pris
trufast innsats i årevis.

Så mangfoldig ein bruk:
overnatting til Sesilåmi,
fredagsklubb, nattkafe,
Jesuskvinner og bibelquiz
møteveker og offerkorg

Her kom predikantar frå nær og fjern,
ein stille kveld, ein basar, ein fest
Nomeland bedehus fungerer best
når huset er fylt av håp
når Ordet vert tolka og nåde og fred
kan fylle eit hjarta med mot og tru
for liv og teneste heime og ute.

Mange gjekk føre, no er dei borte,
med tida kjem endringar, små og store.
Plass for eldsjeler har huset hatt,
med samling om kvelden til langt på natt.

Ove og Bjørgulv og Knut kan vel nemnast,
dei delte det beste dei hadde fått
med kjærleik og omsorg for unge og gamle.
På Nomeland bedehus kunne me samle
ein ungdomsflokk ein fredagskveld
og ha det gama i lag.

Så mange songar har lydd i huset
og ofte sat me og høyrde suset
frå trafikken på vegen mens møtet gjekk
Likevel mat for sjela me fekk.

Og me song:
Dine løfter er mange, din trofasthet stor,
Vi vil takke, vi vil lovprise deg,
Du vår Skaper som elsker oss alle på jord,
Og vet nøye om vår vandring og vei.

Herre, led du oss frem,
la oss bli til hjelp for dem
som du viser oss trenger en hånd!
Gi oss lys til å se,
gi oss vilje til å be:
Herre Gud, fyll vårt liv med din Ånd!

Det er nye tider i Setesdal,
men framleis me samlast i sang og bøn
på Nomeland bedehus om løfter frå Gud.
Me minner kvarandre om fred og nåde
og øver på å la Jesus få råde
i hjarte og sinn.

Ja, framleis me samlast i bøn om at Han
skal fylle våre liv med sin ande og kraft
så Nomeland bedehus kan sprudle av liv
til beste for liv og samfunn i dalen.

Huset er tenleg for litt av kvart,
framleis står det og samlar til bøn
ein trufast flokk med håp og tru.
Må festen i kveld bringe livsmot og glede
til alle som nyttar vårt bedehus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *