Veka som gjekk, veke 7, 2014

Share

Tysdagskvelden starta eg ein kåseriserie i Valle Radio om veka som gjekk. Eg har tenkt at i gamle dagar sette folk pris på kåsørar i radioen, anten dei heitte Richard Herrmann eller Arthur Klæbo. Utan å måle meg med slike kjente namn har eg tenkt at sjangeren kunne vere god å bruke i Valle Radio. Det har eg gjort i mine små kåseri til innleiing om tysdagskveldane, men kan hende kunne dei byggjast ut og bli noko meir.

Og så kom eg til å tenkje på at eg i grunnen har stoffet rett framfor nasen. I og med at eg legg onverskriftene frå Setesdølen inn på Setesdalswiki, kunne eg jo nytte det stoffet som grunnlag for kåseria mine. Du som høyrer på er kanskje av dei som blar fort gjennom Setesdølen og seier at det var ikkje noko særleg interessant i avisa i dag, og så legg du ho bort. Mi erfaring er at det dei fleste dagane er noko interessant i avisa, og at dei som skriv der, finn stoff som ein kan ha glede over i ulike samanhengar.

Sport

I veke 7 starta OL, men Setesdølen var ikkje oppteken av sporten i Sotsji før Maiken Caspersen Falla vann sprinten der. Grunnen til at ho då kom i Setesdølen, var at ho har vore elev på Hovden Skigymnas og dermed var ein utøvar med lokal tilknytning. Frå Hovden skigymnas til toppen av OL-pallen, var tittelen på baksida av avisa, og sanneleg fekk vi vite at Bykle-ordføraren, som er i permisjon frå stilling på Hovden Skigymnas og truleg har hatt Maiken som elev, unna seg ein fersk muffin frå ein bensinstasjon i Telemark for å feire hendinga. Eg lurer nå likvel på om muffinsane er ferske på bensinstasjonane i Telemark.

Sjølv om avisa ikkje var oppteken av sporten i Kaukasus, fekk vi vite at Gaute Kvåle og Elin Uppstad vann skirennet opp alpinbakken i Brokke og dermed kunne ta med seg kvar sin sjekk på 10.000 kroner. I Valle Radio onsdagskvelden fekk du vite at dei begge ville bruke pengane på sporten sin, kan hende ikkje så mykje til utstyr som til å dekke generelle kostnader i samband med engasjementet. Vi fekk og vite at arrangørane var godt nøgde med Brokke Mini Tour, og i radioen fortalde Jon Ola Rysstad at dei hadde fått mykje godord for arrangementet, til tross for det kraftige snøveret sundagen. Med over 100 deltakarar begge dagane var målet for arrangementet nådd. Men det var mykje arbeid.

Elles kunne vi få vite at 1124 var påmelde til Hovden Tour, noko som er om lag det same som på denne tida i fjor. Men om ein vil vere med på gratis buss oppover dalen, hastar det med påmelding, for den tek til å bli full. Avisa hadde og fullstendig liste over dei 36 som var med i Telenorcup-rennet på Heistad 11. februar. Dei minste var fem år og yngre, dei eldste var i klassen 14-15 år, så her glimra dei yngste til glede for ivrige foreldre på sidelinja. No får du OL-floka med Lindesnes Trekkspillklubb.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *