Veka som gjekk, veke 7, 2014, del 2

Share

Næringslivet

Den store nyheten sist veke var at Evje Trelast skal flytte inn i Skibsplasthallen på Verksmoen på Evje. Ei stund var det tale om at Bykle Vindu skulle dit, men det skar seg då bedrifta ikkje fekk dei ordrene dei håpa på. Dermed måtte dei gå frå intensjonsavtalen om å lage vindu på Evje. I staden kjem det drive-in butikk der dei før bygde plastbåtar. No kan ein kjøre inn i butikken, fylle hengaren med varer under tak og dra vidare for å reparere hus eller hytte. Større sortiment og større omsetning er målet for dei som flyttar, kan hende kjem det ei ny bedrift der Evje Trelast held til no.

Også NMS Gjenbruk er på flyttefot. Medan Evje Trelast har eit tidsperspektiv om å klare flyttinga innan mai, måtte bruktbutikken på Evje nærast kaste seg rundt på dagen og finne ein ny stad då legane kasta augo sine på staden der dei var og ville etablere legesenter der. Så var dei heldige og fekk plass hos Setesdalstrykk, og i dag opna dei ny butikk der, noko dei feira med Anitas fantastiske sjokoladekake og kaffe til alle som kom innom. Men opningssalg hadde dei ikkje, prisane er så låge på NMS Gjenbruk at om dei skulle bli lågare, måtte dei vel gje vekk varene sine. Her finn du klær og møbler og pyntegjenstander, kan hende til og med akkurat det du samlar på. Sjølv kunne eg nok tenkt meg ei og anna bok til fem kroner, men når bokhylla er full og eg ikkje maktar å kaste noko av det eg har, får det vel bli med tanken.

Sist veke fekk vi og vite at gjelden då Bleieboden gjekk konkurs, var på fem millionar. Dei brukte ein del pengar på å pusse opp Bergtun i Valle, laga kafé og hadde mange planar. Men så ville ikkje folk ha gjenbruksbleier lenger, og då fall botnen ut av den marknaden. Frå å vere storkunde hos Postverket vart Tine sjukepleiestudent og Knut måtte ut på arbeidsmarknaden att. No ser det ut til at Valle Blomar og Gåver vil inn i Bergtun.

Som del av Tine går nok ikkje meieriet på Byglandsfjord konkurs. Smør og andre melkeprodukt vil me ha. Sist veke kom det ei gladmelding derifrå, no vil dei lage smør av geitemelk. Det vert endå meir eksklusivt enn Kviteseidsmøret, skal seljast til gourmetrestaurantar i Oslo. Det må vel kallast smaken av Haukeli, ettersom dei får fløten derifrå. Smaken av Setesdal har etablert seg som samvirkebedrift med mange matprodusentar som deltakarar og Åse Ingebjørg Flateland som styreleiar. Men dei vil ha fleire lokale produsentar av kortreist mat på banen og med i samvirket.

I ein kulturregion som Setesdal kunne nok mange ønske at det vart meir næring ut av kulturen. Byglandsordførar Leiv Rygg kan tenke seg eit kulturbygg der prestegardsløa står i dag, men det må private interessar til for å bygge det. Han ser for seg at ein gründer med ein god ide og mykje pengar skal bygge huset i samarbeid med kommunen og finne plass til samfunnssal, kafe, utsal og utstillingslokalar. Kommunen kan nok drive idrettshall med fulle mål, men kulturbygg i tillegg vil ta knekken på økonomien, trur han, ikkje minst fordi folketalet går nedover. Kunne ein få auke i folketalet, ville det vere ei anna sak.

Det er nok lettare å etablere seg på Hovden enn på Bygland. Norsk Luftambulanse etablerer seg på Hovden i vintersesongen med støtte frå kommunen, Sykehuset Sørlandet og Sykehuset Telemark. Kommunen legg til rette for basen, staten tek utgiftene med sjuketransporten. Det er ein vinn/vinn-situasjon og styrker Hovden som vinterdestinasjon, meiner ordførar Jon-Rolf Næss og det er det nok ingen som er uenige med han i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *