Sakte TV er bra

Share

I ein samtale med søster mi i kveld kom ho til å nemne at dei såg på NRK2 sitt program om norsk historie i kveld. Då hugsa eg at eg hadde lese om dette programmet, men det var gått i gløymeboka att, sjølv om eg hadde tenkt eg skulle sjå det.

Dermed vart vi sitjande og sjå på professor Frank Aarebrot som gjennomførte 200 år historie på 200 minutt. 200 minutt er 3 timar og 20 minutt og undervegs twitra folk kommentarar til programmet, der dei mellom annan lurte på om han ville kome i mål. I imponerande stil kom han i mål på sekundet, men med fem minutts røykepausar for kvar time, så omlag.

Det var ein imponerande prestasjon, over tre timar med tale, bare illustrert av bilete på ein skjerm framme i salen, vi som såg på tv fekk nærbilete. Men det var stinn brakke, og i eit siderom sat det visstnok 300 personar som ikkje fekk plass i salen.

No har NRK vist Hurtigruten minutt for minutt, Bergensbanen og Nordlandsbanen, og med dette programmet ser ein at sakte TV er ei programform som fengar.

Sett i samanheng med serien i Valle Radio om Grunnloven 200 år gav programmet meg mange tankar om korleis Valle Radio sin serie kan byggjast ut til ikkje bare å handle om eidsvollsmennene og tida dei levde i, men og om tida frå 1814 til no: Langsomt ble landet vårt eget. Han slutta av presis på sekundet med å lese opp diktet, og i mellomtida hadde han vore innom kjente og ukjente folk, både menn og kvinner i eit perspektiv som ein bare må beundre.

Til og med haugianarane var han innom, dei synest eg nok har kome noko lite fram i artiklar eg har lese i samband med grunnlovsjubileet, men det kan jo rette på seg utover våren. I alle fall har jubileet fått meg til å tenkje mykje på historie og det som har ført til at vi har det samfunnet vi lever i no. Å sjå linjer og samanhengar kan vere svært interessant.