Kristine og Pål

Share

I kveld hadde eg med meg Kristine Hellem Aanstad i Valle Radio i serien Grunnloven 200 år. Ho er journalist i VG, ein av fire personar som jobbar på heiltid med å dekke temaet for avisa. Pål er tidlegare varaordførar i Valle og etterkomar etter Olav Knutsson Tveiten. Dei kjem til å møte kvarandre på Tveitetunet i morgon, då skal også dottera Margit og barna hennar vere med, og Pål ville stille i bunad.

På Tveitetunet vil VG fotografere etterkomarar etter eidsvollsmannen, så det er bare å kontrollere om du er etterkomar og så ta turen til Tveitetunet og bli med på biletet. Sjølv vil eg kanskje og ta turen opp og sjå om det er mange som møter opp og og kven dei er.

Kristine fortalde at Svein Inge Olsen frå Kristiansand hadde teke kontakt og truleg ville ta turen og ho oppfordra alle etterkomarar som høyrde på til å kome. I kveld ordna vi det og slik at Siri kjem til Valle i morgon for å sitje på Velkomstsenteret frå klokka 12 og hjelpe folk med å finne ut om dei er etterkomarar og eventuelt registrere dei i databasen over eidsvollsmennenes etterkommere.

Pål fortalde ei interessant historie om at då han var formann i 17. mai-komiteen i 1972, tok dei opp att tradisjonen med å halde tale ved støtta utanfor kyrkja 17. mai. Den hadde ikkje vore vanleg nokre år, kan hende alt sidan krigen, men no er det ein årleg tradisjon. Han fortalde og at boka Folkefest frå fjell til fjord var laga med tanke på jubileet, slik at det skulle vere noko stoff om feiringa av 17. mai i dei indre bygder i nyare tid. Han meinte at boka no kanskje var utseld frå forlaget.

Grunnen til at samlinga på Tveitetunet i morgon hadde kome i stand, var at VG hadde teke kontakt med Lokalhistorisk Institutt og der hadde Chris Nyborg fortalt at i Valle var det mange etterkomarar etter ein eidsvollsmann og at det var mange som var interesserte i emnet. Chris var jo med meg i radioen sist veke. Så hadde VG teke kontakt med Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet, og så rulla ballen vidare. No vert det interessant å sjå kva som kjem ut av det etter kvart.

Takk til Kristine og Pål som var med meg i prgrammet denne kvelden.