Milliardkontrakt

Share

Då eg i går siterte tittelen på innlegget Terje Greibesland skal halde på Setesdalskonferansen 23. april, Frå rutebilselskap i dalen til vinnar av milliardkontrakt., då lo han. Det høyrest veldig ut, sa han, men omsetninga til Setesdal Bilruter er på om lag 110 millionar no, og dette er i kontrakt som varer i ni år, så alt no er vår omsetning på det nivået over ein niårsperiode. Med den nye kontrakten doblar vi omsetninga. Om vi ikkje hadde fått den, hadde vi mista rutekjøringa vår i Birkenes og Froland, og det er like mykje som all kjøringa vår i dei fire setesdalskommunane, sa han.

Vi fekk ein hyggeleg prat i ein pause han hadde i eit personalmøte på Evje. I utgangspunktet hadde vi tenkt at han skulle vere min gjest heile Haralds time i går, men han er ein travelt oppteken mann, så vi måtte gjere intervjuet på telefonen. I løpet av samtalen fortalde han at dei skal kjøpe 90 bussar, kvar til ein pris på mellom ein og to millionar kroner. Men det ordnar dei med leasing, og så vonar dei at innteninga vert slik at dei kan kjøpe bussane etter kvart. Anbodet føreset nye bussar, dei skal vere kvite og ha både setesdalsfargar og stakkejente.

Terje Greibesland fortalde vidare at sjåførane hos Nettbuss har førsterett til å få dei nye jobbane hos Setesdal Bilruter, det er ein del av pakka. Dei sjåførane som no arbeider i Setesdal Bilruter har vore svært entusiastiske i høve til den nye kontrakten, så det er bare smil og glede i selskapet i høve til den nye situasjonen, meinte han.

-Har du førarkort for buss sjølv, spurde eg han, og det bekrefta han at han hadde, men det var ikkje ofte han kjørte buss no. Han står som sistemann på vikarlista, så det er ikkje ofte han må ut på tur.

-Om vi ikkje hadde fått denne kontrakten, måtte vi byggje ned selskapet, sa han. No står vi sterkt for dei neste åra, og om to år vonar vi å vinne kontrakten for kjøring i Setesdal att, kunne han fortelje. I tillegg fekk dei sjukekjøring i nokre kommunar, og det har fungert godt og vore eit tilskot til drifta og til å halde på jobbar for sjåførane, meinte han.

Dermed kunne eg avslutte med å fortelje at songen vi skulle spele etter samtalen, var Det er sjynt å kjøra buss. -Det finnest ikkje herlegare skyss, heldt han fram i same andedrag, og slik går refrenget:

Det er sjynt å kjøra buss,
det finnest ikkje herlegare sjyss
det kostar litt,
og hompar titt,
men det tar ingen kånebag så stritt.