Viktig for næringslivet

Share

Onsdagskvelden hadde eg med meg Vidar Homme i Valle Radio. Det har blitt ein tradisjon å invitere han til å seie litt om korleis siste året gjekk for banken, og sjølv om eg ikkje hugsar at han var med meg i fjor, så har vi hatt slike samtalar fleire år no.

Rekneskapen for Valle Sparebank 2013 vart gjort opp med eit driftsresultat på 10,8 millionar mot 5 millionar i 2012. Når 8,3 millionar vart overført til fond, er eigenkapitalen til banken vel 22% av vektlagd balanse, som det heiter på bankspråket. Ein viktig grunn til dette er endring i pensjonsytingane, der det før har vore ein kostnad på 2,5 millionar vart det no ei inntekt på 2,7 millionar, noko som jo vert over fem millionar til saman.

Banken måtte tåle tap på ein halv million kroner meir enn i 2012, til saman 3,6 millionar. Det er alltid ein risiko, men Vidar Homme peika på at Valle Sparebank er ein viktig bank for lokalt næringsliv, som kanskje ikkje ville fått lån om ein ikkje hadde hatt den lokale banken. Målet er å halde fram som lokal bank i ei tid der det går mot større og større einingar.

Etter at eg hadde spelt Å du gode sparegrisen min, i ein versjon av Elin Prøysen, så snakka vil litt om korleis barn framleis har sparebøsse. Den store tømedagen er lille jolaftan, men mange tømer sparegrisen fleire gonger i året. Sparing er viktig, boligsparing for ungdom kan starte når ein blir 18 år og halde på til ein blir 34, trur eg han sa.

Endeleg snakka vi om korleis banken yter gåver til lokalsamfunnet. Det totale beløpet har vore nokså likt nokre år, men banken sponsar ikkje bare små lag og foreningar med små beløp, men også nokre prosjekt med store beløp. Reklameskilta på fotballbanen gjev god effekt og er viktige for å profilere banken for publikum som reiser til Hovden. Veksten for banken må nok kome i Kristiansand, når banken ligg i ein kommune med fråflytting, er ikkje vekstpotensialet så stort i heimemarknaden. Men i Kristiansand får banken stadig nye kundar.

Det er alltid interessant å snakke med Vidar Homme om bankdrift og økonomi, og han er alltid villig til å kome ein tur i Valle Radio, også når det måtte vere andre økonomiske emne ein kunne ta opp.