Grendehusturne

Share

Dette var eit ord i ein annonse i Setesdølen sist veke. Det var naturfotograf Anders Tveit frå Iveland som skulle ha ein grendehusturne i Valle i regi av Folkeakademiet Valle. Sundagskvelden var han i Treungen grendehus, der kom det om lag 20 personar. I kveld var han i Oveinang grendehus, der kom det dobbelt så mange og i morgon skal han vere i Gardane grendehus klokka 19.

Eg tok turen til Flateland og svinga inn framom grendehuset klokka 19.20. Då stod det mange bilar parkert utanfor huset, og inne sat Torhild Sandnes og selde bilettar. Det vart bare tid til litt hyggeleg prat med kjende før programmet starta opp. Leif Kvinlog ønska velkommen og introduserte Knut Arne Rysstad, som spelte Førnesbrunen og ein slått til før Anders Tveit fekk ordet. Etter ei kort innleiing synte han ein film om nærkontakt med elg, der ein elg med kvit mule hadde hovudrolla. Vi såg han som sekstaggar og som titaggar og fylgde han til han vart skoten etter tre år. Det er imponerande å kome så nær ein fullvaksen elg og ikkje ta beina fatt og stikke av. Det trur eg at eg hadde gjort, dei er ikkje å spøke med, desse store dyra.

Etter denne halvtimens filmen var det kaffe og kake, men den pausen varte bare til han fekk bytte fil i prosjektoren, så fekk vi sjå filmen Dronninga frå Vasa, ein film om ei kongeørn som var fødd og ringmerka i Vasa, men som hadde ein periode i Iveland, eller kor det no var han hadde sett opp kamuflasjehytta og filma frå. Ettersom ørna var ringmerka, kunne han spore henne, og ho flaug tilbake til Finland etter ei tid. Der vart ho skoten med hagle og fekk øydelagt ein veng, så ho kom etter kvart til ein dyrehage i Riga, der dei prøver å få til at ho skal legge egg og at ein kanskje kan få ruge fram ungar etter henne.

Til slutt synte han ein kort film om rådyrkjeet Truls. Nokre motorsyklistar hadde funne eit kje i vegkanten og teke det med seg, noko ein ikkje skal gjere. Dei trudde vel at mora var drepen, men som regel trykker kjeet når mora går. Kjeet fekk bu ei tid heime hos ein som han kalla Kristian, og der levde det saman med katten, som nettopp hadde fått ungar, og vi såg korleis katten slikka kjeet og korleis kjeet sugde melk frå katten. Men på spørsmål frå salen fortalde Anders Tveit at kjeet fekk lungebetennelse og døydde.

To timar triveleg lag for ein hundrelapp og høve til å kjøpe DVD for 200 kroner. Ta turen til Gardane grendehus klokka 19 i morgon kveld, det blir ei oppleving du kan glede deg over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *