Heilårsdestinasjon

Share

Reiselivsnæringa på Hovden arbeider iherdig for å bli heilårsdestinasjon. Saman med Destination Hovden har dei no etablert reiselivsselskapet Hovden Destination Management. Det kunne næringssjefen i Bykle, Svein Hjort-Olsen fortelje i Valle Radio tysdag for ei veke sidan.

Svein Hjort-Olsen er frå Stavanger og er utdanna maskiningeniør. Han kom til Bykle som næringssjef i 2010 og arbeider med å stimulere næringslivssatsing i kommunen og gleder seg over samarbeidet som aukar, saman vert vi sterke, er eit synspunkt som han gjerne formidlar.

Det er samarbeidet mellom Color Line og Destinasjon Hovden som er bakgrunn for det nye selskapet. Om Color Line skal ha noko å tilby turistar frå Danmark, må det finnast tilbod i Setesdal også utanom skisesongen. Då kan ein få fylt opp varme senger, det vil seie hotellsenger som er til utleige. Det er desse sengene som genererer arbeidsplassar i ein turistkommune. Kalde senger, det vil seie senger som private folk har i hyttene sine og som ikkje vert leigde ut, skapar arbeidsplassar når hyttene vert bygde, men ikkje så mykje når dei står ferdige.

Eit av måla med satsinga er å få Hovden med i Forum for reiseliv sitt prosjekt for å utvide sesongane slik at det vert færre og kortare periodar då det er lite turistar, med andre ord å få ein heilårsdestinasjon på Hovden.

Næringssjefen i Bykle har klare meiningar om korleis ein bør satse for å utvikle næringslivet i kommunen. Han har lova å vere med i Valle Radio ein kveld i vår der vi kan verte meir kjent med mannen frå Stavanger som promoterer næringssatsinga i Bykle kommune. Då eg sa eg skulle spele Fjellfolk: Ulvetuva etter innslaget i radioen, var han svært nøgd over at det var råd å få høyre Helga Jacobsen, ein annan stemme frå Stavanger som har gjort byklar av seg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *