Hunderefleksjonar

Share

Onsdagskvelden hadde Ronny Stavsholt med seg Monica Kelly Sundt i Valle Radio. Ho fortalde om Kellys Kennel, tilbodet ho har om å ta vare på hundar når folk ikkje sjølv kan passe dei. Etter det eg fekk med meg hadde ho 10 hundar sjølv på Bjørgum, så det var kanskje ikkje så mykje arbeid å passe nokre til. Då eg høyrde programmet, tenkte eg at det er godt me er ulike programleiarar i Valle Radio, for då får me interessante program og stor breidde.

I dag kom eg til å lese Gjesdalbuen der det stod om besøkshund på Ålgård bosenter. Dei gamle på bosenteret opplevde mykje hygge med å få ein hund på besøk når hunden var opplært til å vere besøkshund. Difor vurderte Frivilligsentralen å sponse opplæring av besøkshundar i Gjesdal om nokon ville starte med dette og sidan besøke eldre som kunne ha glede av hundekos.

Endeleg las eg nyleg om hunden som politi og tollarar brukar. Medan tollarane sine hunder får betalt opplæring, må politiet bruke mykje tid og pengar på sine hundar utan å få dekt utgiftene, etter det eg skjøna. Likevel fann dei det meiningsfullt å drive med hundane, dei var gode hjelparar i tenesta og slik med på å lage tenesta meiningsfull og effektiv.

Tre ulike perspektiv på hundar syner at hunden er menneskets beste ven, som det heiter. I vårt hus er det ein katt som regjerer, han krev mindre stell, men kan jo ikkje måle seg med hunden si evne til å tilpasse seg ulike oppgåver i samspel med eigaren. Katten har sin eigen agenda, og eigaren må nok helst tilpasse seg katten i den grad det skjer noko tilpasning. Men vi slepp å lufte hunden, og katten luftar seg sjølv. Om vi skal bort nokre dagar, kan han klare seg fint med litt tilsyn frå naboen, og når vi kjem heim, sit han fornærma på trappa og anklagar oss fordi vi ikkje var heime og tok vare på dei rutinane han var van med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *