Hylestad kyrkje 175 år

Share

Til sommaren feirar vi at Hylestad kyrkje er 175 år. I bøkene står det at ho er frå 1838, noko som indikerer at jubileet er eit år for seint. Men 100 årsjubileet vart feira i 1939, og då høver det med 2014 som årstal for å feire 175 år. Kan hende vart kyrkja vigsla i 1838 før ho var ferdig, 1838 er årstalet då kyrkja på Bjørgum vart teken ned. At ny kyrkje stod klar samstundes som den gamle vart teken ned og materialane selde, kan jo ha skjedd, men det kan og ha vore slik at ein gjorde ferdig kyrkja etter at den var vigsla.

I 1989 feira ein at kyrkja var 150 år, og det fall saman med at Theis Salvesen vart insett som sokneprest i Valle, så då var det stor festivitas med mykje folk og mange prestar på besøk. Prestane som hadde gjort teneste heilt frå krigens tid var til stades. Om det blir så stort oppmøte no, veit eg ikkje, men eg er med i ein komite som planlegg jubileet og som legg opp til ei stor markering. I kveld hadde vi komitemøte, og etter kvart teiknar konturane av markeringa seg. Det heile skal gå føre seg siste sundagen i juni, du bør setje av den sundagen i kalenderen alt no.

I dei siste 25 åra har det skjedd ein del i samband med kyrkja. I 1991 fekk kyrkja pipeorgel levert av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri på Åsen i Trøndelag. Det la grunnlaget for ei ny tid med aktivitet i kyrkja, ettersom ein la opp til ein del konsertverksemd. På eit av arrangementa i Vegkyrkja kom Pieter Leebeek innom, han var turist frå Nederland på Norgesferie. Den kontakten vi fekk der, gjorde at vi fekk lagt til rette for å utvide organistjobben til full stilling, og Pieter søkte, og dermed fekk vi ei ny tid når det gjaldt musikk i Hylestad kyrkje. I mange år hadde vi fleire konsertar dagleg i samband med vegkyrkjeverksemda og fleire tusen gjester innom kyrkja i sommarmånadene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *