Kvedarkurs

Share

Hugsar du at Kirsten Bråten Berg var i Valle Radio og fortalde om kvedarkurset ho skulle ha, men som kan hende vart avlyst fordi det bare hadde meldt seg på to elevar, og ho måtte ha fem. I kveld starta kurset. http://valleradio.blogs.no/2014/02/14/immateriell-kulturarv-17758988/

Eg melde meg på kurset for å vere med og sikre at det kom i gang, og då eg fortalde om det til elevane mine, var det to til som ville bli med. Då var vi fem, og Kirsten kunne gå i gang med planlegginga av kurset, som skulle vere i Spelestoga. Då vi starta i kveld, var vi åtte elevar til stades.

Medan det er 40-50 stevtonar er det kan hende 30.000 stev. Mange kan finnast i stevdatabasen til Agder folkemusikkarkiv, Kirsten samlar på stev frå mange kantar sjølv. Ho fortalde at i stevleik nyttar ein stev ein kan, det er få som er så raske at dei kan lage stev på ståande fot.

I kveld lærte vi to-tre stevtonar til nystev, som vart teke i bruk på 1700-talet og overtok heilt for gamlestev, dei er få i Setesdal. Og nystev er på fire linjer som rimer AABB og der dei to første linjene, føreslag, har lett utgang, medan dei to siste, etterslengen, har tung utgang.

Og så lærte vi ved å herme etter henne, linje for linje, medan ho fortalde små anekdotar innimellom. To timar, då var vi godt samstemde, og ho kytte av oss, vi var flinke.

Tysdag song ho i gravferda til Augund K. Brottveit, onsdag var ho i Mandal og deltok på konsert i Mandal kyrkje der det var 600 i kyrkja, i kveld var ho lærar for åtte, og laurdag reiser ho til Oslo for å halde kurs der. Eit variert reiseliv for vår gode kunstnar. Men ho var energisk og delte energien med seg, så vi gjekk smilande heim etter ein triveleg kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *