Om å fylgje lovi

Share

Dei siste dagane har eg bladd i boka om Setesdalskjempa Bjørgulv Eivindsson Uppstad som Svein Inge Olsen har skrive. I morgon skal han vere med i Valle Radio som etterkomar etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten, som var svigerfar til Setesdalskjempa.

Det som slår meg er at både Bjørgulv og sønene hans var slåsskjemper som vi i våre dagar heldigvis ikkje høyrer så mykje om. Dei slo seg fram i grender og gardar, så det må ha vore ganske så utrygt å leve og å bu i Setesdal på den tida. Etter det eg kan finne ut, var det ikkje noko drap, men det kan ikkje ha vore langt unna meir enn ein gong.

Svein Olav Olsen har skrive ein artikkel om dette på bloggen sin. http://svein-inge-olsen.com/2014/03/28/kjempene-i-setesdal/ Den er verd å lese.

Eg har så vidt starta på å legge inn litt om etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten på Setesdalswiki. Der vil eg jo gjerne ha meir stoff enn bare fødselsår og dødsår, så det går ikkje så fort å kome gjennom stoffet og finne det leksikalske stoffet. Så får eg sjå kor mykje eg tek med av stoffet som ein til vanleg ikkje har med i leksikon.

Medan eg sit slik og les, kan eg ikkje anna enn glede meg over at tilhøva i Setesdal no ikkje er slik som det var for hundre og femti eller hundre år sidan. No fylgjer ein lovi. Bjørgulv flytta til Gautestad, og då dei spurde korleis det var å bu der, seiest det at han svarte noko slikt som at her var ikkje verande i Evje sokn, dei fylgjer lovi. Men han vart verande, vart gravlagd på Evje kyrkjegard. Etter det eg skjønar var grunnen at kona Sigrid ikkje lenger kunne bu i Brokke etter at sonen drukna ved Håhelleren, 18 år gamal i 1846.

Høyr på Valle Radio i morgon tysdag 1. april 2014 om kvelden klokka 18.30. Då er Svein Inge Olsen med i programmet grunnloven 200 år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *