Om Setesdølen tysdagskvelden

Share

Tysdag kom opplagstala for norsk presse i 2013. Eg fann oversyn på http://www.moisund.com/2014/02/25/toffe-tak-for-papiravisene/ og tenkte at eg ville få ein kommentar frå redaktøren. Det var ikkje vanskeleg, Sigurd Haugsgjerd hadde mange tankar om opplaget til avisa, som i 2013 måtte tåle ein nedgang på 83 aviser samanlikna med 2012. Han meinte at dei 4553 avisene framleis er godt, Setesdølen er den tredje største avisa i Aust-Agder.

Eit problem som Setesdølen har er at avisa har over 100 prosent dekning i kjerneområda Bygland og Valle. Dekninga er og svært god i dei øvrige setesdalskommunane, så om opplaget skal vekse, må ein få abonnentar utanfor kjerneområdet. Då Sirdølen slutta som papiravis, såg ein at ein kunne få nokre abonnentar der om ein tok inn stoff frå Sirdal, i tillegg skriv avisa ein del om området vestover til Byremo. Men det er fort gjort å forskreve seg når avisa heiter Setesdølen og stoffet kjem frå heile indre Agder. Difor er det grenser for kor langt ein kan strekkje seg, meinte han.

Grunnen til nedgangen er at det er nedgang i folketalet i området avisa dekker. Det er ikkje Internett som tek abonnentar, Setesdølen sine abonnentar må lese papiravisa for å få stoffet, og slik kjem det nok og til å bli i framtida. Men når folk døyr eller flytter frå distriktet, er det ikkje lett å erstatte tapet av aviser.

Elles er det jo og slik at opplagstalet er eit matematisk utrekna tal. Ein tek abonnementinntektene og deler på abonnentprisen, då finn ein den eine delen av opplagstalet. Så tek ein inntektene frå laussal og deler på laussalsprisen og ser kor mange laussalsaviser det har vore. Desse vert så rekna om til årsabonnement ved å dele på tale på utgåver i eit år, i 2013 var det 102 utgåver. Desse vert så lagt til den første delen av opplagstalet, og så finn ein årsopplaget. Det er altså eit teoretisk tal, talet på abonnentar i kartoteket til avisa er annleis, for nokre held avisa i kortare periodar av året.

Setesdølen speglar livet i Setesdal på ein god måte, og den som vil vite kva som rører seg i dalen, kan ikkje basere seg på avisene frå kysten, anten det er Fædrelandsvennen eller Agderposten. Difor vil nok avisa framleis ha ein høgare opplag enn folketalet skulle tilseie i avisa sine kjerneområde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *