Oppmuntring

Share

Vinterferien kan godt brukast til oppmuntring på andre måtar enn å gå på ski. Eg har aldri likt å gå på ski, noko som sikkert kjem av at snøvintrar i Rogaland var temmeleg sjeldne då eg vaks opp, så praksis som barn hadde eg lite av. Dei gongene eg har gått på ski i vaksen alder, kan vel teljast på ei eller til nød to hender.

Difor valde eg å ta ein tur til Ålgård i vinterferien. Eg svinga til og med innom Varhaug ein snartur og besøkte Brit, søskenbarnet mitt, og det var ei oppmuntring å gå i hagen på vindfulle Jæren og sjå snøklokker og krokus i full bløming. I løpet av samtalen kom ho til å syne meg ei bok om kyrkjegarden ved havet på Varhaug, og Sjur Håland sine tekstar tala så til meg at eg svinga nedom stasjonen på Varhaug og fekk med meg boka heim. Nydelege bilete lyfta boka til å bli eit kunstverk.

Så fann vi vegen til Ålgård, der mor hadde venta på oss og der vi fekk nokre timar saman før vi snudde heimover i kveldinga. Denne kvelden var det liten trafikk, turr og opplyst veg som gjorde heimturen til ei sjeldan oppleving.

I dag var vi på formiddagstreff på Mandal bedehus. Presten Borgenvik, han som skriv dei fine andaktane i Fædrelandsvennen i periodar, hadde gløymt heile treffet, truleg fordi han hadde lova å vere med i fjor, og så hadde ikkje avtalen blitt med frå den gamle almanakken til den nye, det er ikkje alltid lett å hugse avtalar ein gjer i svært lang tid på førehand. Men vi starta treffet og så kom han etter kvart, då klappa forsamlinga, og Reidun Ås si oppmuntrande forteljing kan ein glede seg over i lang tid. Ho fortalde om at ho hadde kome bak ein kjøreskole på turen til Mandal, og ho hadde gledd seg over kor fint han kjørte, så ho fylgde etter han heilt til han stoppa, og då gjekk ho bort til bilen og takka for den fine kjøringa og fortalde at ho hadde bedt for at han måtte klare å få sertifikatet når han skulle kjøre opp. Eleven vart så glad at han tok til å gråte. Oppmuntring ein torsdags føremiddag kan vere sterkt.

Då eg vel var komen heim att, fekk eg ein telefon frå Johnny Haugen, som fortalde at han gledde seg storleg over Setesdalswiki, og at det var ei rik kjelde til informasjon om Setesdal og at han var imponert over arbeidet eg gjer med å skrive der. Det var ei ikkje mindre oppmuntring, og han lurte på om eg hadde digitalisert Setesdølen tilbake til starten, det er jo 40 års jubileum for avisa i år. Eg måtte seie at det hadde eg ikkje, eg har bare skrive inn overskriftene frå 2009, men med enkelte deler av avisa før den tid. Uansett så var han glad for det og vona eg fekk tid og krefter til å halde fram. Slik ei oppmuntring gleder midt i vinterferien.

Kven gav du ei oppmuntring sist?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *