Samarbeid

Share

Å lage radio er samarbeid. I kveld var det Torhild Sandnes som var teknikar, og då eg kom i radioen, fekk ho ein kjø. replan og ei liste med songar, og så fann ho songane og la dei klar til å spele. Men om situasjonen hadde vore som i går, så hadde det ikkje blitt radio i kveld heller, så grunnlaget for samarbeidet vårt i kveld var det Jørund Georg Jore som la i går då han ikkje ga seg før han hadde funne feilen og retta den, slik at vi kunne kome på lufta i kveld.

Då klokka var 18.55 kom Håvard Viki og leverte ei plate med songar til Torhild, og så gjekk han i studio og hadde Tankar frå Bibelen. Men for å få Kommunen informerer på lufta i kveld, måtte eg få med meg Ørnulf i radioen i dag tidleg, for Frode Verpe hadde ikkje høve til å vere med i kveld, så vi måtte gjere eit opptak.

Då det programmet var ferdig, var det tid for Haralds time. For å få med Terje Greibesland, måtte han ta ein pause i personalmøtet i Setesdal Bilruter og svare på telefonen klokka 20, og det gjorde han. Så snakka vi saman i eit kvarter før han gjekk tilbake til sjåførane sine. Leif Kvinlog var på Bykle kulturkafe og høyrde Vetle Lid Larsen fortelje frå si siste bok, og han måtte gå ut derifrå for å snakke med meg klokka 20.20, så gjekk han tillbake for å høyre resten av programmet.

Endeleg kom Vidar Homme i studio for å snakke om Valle Sparebank, også det innslaget var avhengig av samarbeid. Før han kom til orde, sa eg litt om eidsvollsmennens etterkommere, basert på ein tekst Siri Johannessen hadde sendt meg:

No har me 10 generasjonar og 1110 etterkommarar etter Olav K. inne, av desse er meir enn 170 busett i USA og Canada. Av dei andre er nok brorparten truleg i dalen, Bykle og Valle særleg, men og til dømes i Telemark, Møre og Romsdal, Akershus og Rogaland.

Eivind T. Lande si etterslekt er noko magrare, men det blir arbeidd med saka. Der er det no 8 generasjonar og meir enn 470 registrert. Der veit eg mindre om bustadene, men ca 20 er / var busett i Canada og USA, og truleg er dette talet for lågt. Av dei øvrige er brorparten busett i Byglandsområdet, men me manglar mykje. I mange fall stoppar det med det som stend i Bolling sin gard og ættesoge frå 1952.

I morgon er eg i velkomstsenteret på kommunehuset i Valle, og folk kan kontakta meg via facebook eller Valle kommune sitt sentralbord om det er ynskjeleg. Viss alt går etter planen så tek eg ein tur opp til Bykle og kommunehuset der komande tysdag, i den kommunen skal det vere stor etterslekt både på Hovden og lengre sør.

Vel heime att fekk eg ein mail frå Siri der ho spurte om noko i samband med eit bilete som Leonhard Jansen hadde lagt ut på Facebook før VG skulle till Tveitetunet og ta bilete sist tysdag. Det biletet finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eidsvollsmannen_fra_Valle

Det var ei kvinne frå Canada som hadde trykt «liker» på biletet, og så leita vi litt på Internett og plutseleg fann vi samanhengen, ho var ein av etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten i Canada, dermed fekk Siri lagt inn litt meir informasjon i det store treet av etterkomarar.

Alt saman på grunn av samarbeid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *