Skrivande menneske

Share

Etter å ha skrive over 3000 bloggpostar, kan eg vel kallast eit skrivande menneske. Eg har alltid likt å skrive. Difor fanga ein artikkel av Paul Otto Brunstad augo mine i går. Han er professor på NLA i Bergen og prest og forskar på Sjøkrigsskolen og oppteken av leiing.

Skriving er en ensom aktivitet. Men skriving og lesing saman lyfter oss ut over vår avgrensa verd, held han fram og peikar på at vi vert førde inn i eit felleskskap med menneske vi aldri fekk møte, men som gjennom sine skrifter etterlet seg eit spor vi kan følge, spor som gjev oss glimt inn i erkjenning og erfaring vi aldri vil kunne hente frå eigne liv.

Orda hans fann atterklang hos meg, for det er jo det ein opplever i skriveprosessen. Medan ein skriv, oppdagar ein nye samanhengar ein ikkje hadde sett før. Brunstad siterer fleire kjende filosofar og skribentar som har reflektert over skrivinga, og det er interessant å lese, for han set ord på tankar eg kjenner meg att i, men som eg ikkje har formulert.

Noko av dette opplever eg når eg skriv bloggen. Men også når eg skriv kåseria Veka som gjekk som eg har i Valle Radio tysdagskveldane. Då les eg Setesdølen med andre augo enn når eg les for å sjå kva nytt avisa bringer kvar tysdag og fredag. Då ser eg samanhengar eg knapt hadde tenkt på før eg tok til å skrive.

I vår tid har skrivinga endra form i høve til tidlegare. I Valle Radio sist tysdag fortalde Chris Nyborg om kjeldematerialet han har nytta for å skrive om eidsvollsmennene. Nokre av dei som var på Eidsvoll, skreiv brev, andre skreiv dagbøker. Orda finst på papir, noko som gjer at ein må lese kjeldene, dei kan ikkje bare googlast, som vi gjer med det som folk skriv no for tida.

Det at alle kan opprette ein blogg og skrive tekstar og dele dei med seg, har gjort at fleire kan få publisert tekstane sine. Det burde føre til at fleire nytta seg av skriving som grunnlag for erkjenning og auke av eigen innsikt, men også til at andre kan få glede av det vi skriv.

Du kan lese Paul Otto Brunstad artikkel her: http://www.pobrunstad.no/?p=2516

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *