Tekniske problem

Share

I kveld høver det kanskje å seie at sendinga gjekk i dass. Ikkje bokstaveleg tala, men det tekniske var ikkje på vår side i kveld, og det var ikkje Siri si skuld. Ho kopla opp mot Bykle som vanleg, fekk opp Internett og Evje Radio, vi kontrollerte at vi var på lufta og starta sendinga.

Men så mista vi Internett, og utan Internett fungerer ikkje Spotify, så musikken måtte vi finne på CD, og Siri treiv den første og beste plata ho fann, det var Erik Bye, og då gjekk Vandringsvise ut på lufta, trudde vi, i alle fall. Så eg tok mitt kåseri frå hovudet, til vanleg les eg det frå bloggen.

Så var det tid for andakt, og då kom det melding om at sendinga ikkje kunne høyrast på Internett, og ved kontroll var ho heller ikkje i eteren. Vi har jo ikkje gått over til Internettradio, så eg følte vel helst at det var krise, og vi prøvde å kople opp att mot Bykle, men fekk ikkje kontakt.

Når slikt skjer så har eg lært meg å ringe til Jørund Georg Jore, og han kunne då fortelje at det var noko arbeid som skulle gjerast av Setesdal IKT på Evje, men han trudde det var ferdig, noko det altså ikkje var, men at det skulle kome igjen snart. Så venta vi litt, og ikkje lenge etter var Internett på plass og musikken på Spotify kom også tilbake. Men Bykle svikta, vi fekk ikkje kontakt.

-Eg kjem ned, sa Jørund, og eit par minutt etter var han der.

Men det var ikkje nok å få teknisk sjef på plass, han fekk heller ikkje kontakt med sendaren vår i Bykle, der alt går ut frå. Klokka var halv sju, Siri ringde til Svein Inge Olsen og sa at i hadde tekniske problem, men at vi trudde det ville ordne seg og at vi skulle ringe han snart og snakke om Grunnloven 200 år. Men då klokka nærma seg 19, måtte ho ringe og seie at han kunne gjere dei andre tinga han hadde på planen sin i kveld, for vi fekk ikkje sendinga opp.

Så kom Erling Sagneskar, han skulle fortelje om Sesilåmi. Vi ba han sitje litt og vente, Jørund jobba iherdig for å få forbindelse med Bykle. Men etter eit kvarter måtte også han gå. Niklos kom med bussen frå Besteland, og vi måtte informere han om at det var bomtur i kveld og at vi ikkje hadde kunna ringe han så han kunne sleppe turen, for Jørund jobba med å få systemet i orden slik at vi kunne halde fram sendinga.

Men etter kvart måtte vi sjå i augo at vi ikkje kom til å få noko sending i kveld, så Siri pakka sekken og sette kursen heimover, og etter ein kopp te og litt prat tok eg turen til Besteland med Niklos. Då eg kom opp att, var det framleis lys i studio, først klokka 21.48 kom meldinga om at problemet var løyst. Då hadde eg hatt meg kveldsmat og sat og las litt på Internett og lurte på korleis eg. skulle skrive om kvelden i kveld.

No veit du korleis eg skreiv det. Det er frustrerande når teknikken sviktar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *