Veka som gjekk, veke 10, 2014

Share

Første del av Kåseri i Valle Radio tysdag 11. mars 2014 klokka 19.30. Tema: Politikk i veka som gjekk

Sist veke var det vinterferie og dermed inga sending i Valle Radio. Difor er det ikkje noko kåseri for veke 9. Likevel vil siste veke av februar, som altså var veke 9, prege kåseriet i kveld, for dei to avisene som kåseriet er basert på, har mykje stoff frå veke 9. Siste veka av februar var det møte i fleire av kommunestyra, men om ein skal satse på at Setesdølen som aviser flest gjerne skriv om konflikter, så er det temmeleg konfliktlaust i dei andre kommunestyra i Setesdal, mens det i Valle går hardt for seg.

Sist tysdag kunne Ole Birger Lien fortelje om skittentøyvask for open scene. Temperaturen i debatten vart uvanleg høg, og det seier ikkje lite når det er snakk om eit kommunestyremøte i Valle, skreiv han og fortalde at møtet heldt på nesten til midnatt.

Du som høyrde på Valle Radio onsdag før vinterferien fekk altså god underhaldning gratis til langt på natt. Enden på visa vart at kommunen og banken dekker halvparten kvar av underskotet etter at Valle Industribygg vart seld for 1,2 millionar kroner mindre enn gjelden selskapet hadde. Margit Dale meinte at ordføraren burde ha klubba då karakteristikkanen vart ekstra usaklege, men den tålmodige og romsleg Tarald Myrum sa sjølv at han hadde lagt lista ekstra høgt denne kvelden, så fekk alle syn kome til orde for open mikrofon.

Opposisjonen i Valle slit med å få med seg resten av kommunestyret sjølv om di nok kan ha gode saker. Steinar Kyrvestad undra seg på om han skulle ta til og føreslå noko han sjølv var imot, då ville han truleg få fleirtal, for uansett kva han føreslår, stemmer dei folkevalde i posisjon i mot. Om han då føreslo noko han eigentleg var i mot, ville han kanskje få det som han ville.

Sentrumsbygget i Valle har vore ein gjengangar i fleire møte, og Kim Pedersen undra seg i møtet over korleis ein kunne tru at ein kunne få med soknerådet inn i det nye bygget når formannskapet no har sagt at ein kross bare må vere 25 cm høg, om lag som eit A4 ark. Ole Birger meinte at slike funderingar nok kunne setje grå hår i hovudet på ordføraren, ordføraren sitt svar var å leggje til rette for livssynsnøytrale bygg som kunne få utforming alt etter kven som brukte det.

Sjølv om Valle kommune er ein Av og Til-kommune, tok kommunestyret anken frå Brokke Alpinsenter om skjenkeløyve til følgje og utvida opningstida slik dei ønskte, etter at dei tidlegare hadde fått lov å skjenke alkohol frå klokka 16, vart det no klokka 15, så kunne ein unngå drikking i snøhaugane, noko som Steinar Kyrvestad ganske rett peika på var ulovleg. Men han meinte problemet kunne løysast med kontroll, ikkje med utvida skje.nketid. Han tapte der og, no kan det skjenkast frå klokka 15 til 01 i Nistebui

Endeleg rapporterte Setesdølen at Toralf Andersen lurte på kva rådmannen si løn er. Kan hende får han vite det på neste møte, løna er ikkje hemmeleg, svara ordføraren.

Sjølv om det har vore mykje skriving om friluftsområdet Hegni i Setesdølen sine lesarinnlegg i februar, fekk ikkje dei skriveføre det som dei ville då Bykle kommunestyre handsama saka. Enden på den visa vart at området kan nyttast til naturbaserte aktivitetar, noko som truleg ikkje betyr camåingplass, kva det betyr, vil eg ikkje spekulere i.

Stoffet frå Valle kommunestyre fylte til saman halvannan side i dei to avisene sist veke, medan stoffet frå Bykle fylte ei spalte. Frå møtet i Evje og Hornnes kommunestyre var det ikkje noko, så der må vedtaka kanskje ha vore samrøystes. Men evjedølane er ikkje samde med resten av dalen, det spegla seg i artikkelen om reiselivssatsinga til regionrådet. Bjørgulv T. Berg var med på møtet og kommenterte at usemje i reiselivssatstinga i Setesdal er ein konstant faktor. Det er eg samd med han i, truleg kan ein ha uendeleg mange møte utan at dei tre store reiselivsbedriftene sør i regionen vil vere med på det som resten av regionen går inn for. Bjørn Ropstad stemde i mot, som i ein del andre saker i Setesdal Regionråd. Men ein stor del av året vil gå før det vert klart om kommunen hans vil vere med lenger. Forhandlingane bør vere ferdige innan oktober, kom det fram på møtet i februar.

I samband med dette kunne eg jo kome med eit hjartesukk: Evje og Hornnes har nytt godt av å vere regionsenter og ei rekke av samarbeidstiltaka for regionen er lagde dit. Om kommunen no vel å trekkje seg ut av samarbeidet og bli ein utkant i region Sør, bør vel regionsamarbeidet mellom dei tre gjenverande kommunane i Setesdal flytte sine aktivitetar på Evje inn i eigen region. Det vil neppe bli til styrke for regionsenteret.

I samband med at det var kvinnedag, kom det eit oppslag i Setesdølen om at kvinner i Evje og Hornnes ville få med fleire kvinner i politikken. Dei er fem av 21 kvinner der. I Bygland er dei fem av 15, i Valle 7 av 15 og i Bykle 2 av 13. Bykle er altså dårlegast i klassen på dette området, noko ordførar Jon-Rolf Næss meir enn ein gong har sagt seg lei for, han leiar største gruppa der, alle menn. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med både han og med partikollega Line Vennesland, som seier at kommunen går glipp av noko når kvinner blir underrrepresentert. Samfunnet hadde sett noko annleis ut viss fleire kvinner var med i utviklinga, seier ho og oppmodar alle kvinner som får spørsmål om å stille til val om å svare ja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *