Veka som gjekk, veke 11, 2014

Share

Det er årsmøtetid i mars, og Setesdølen har hatt mange annonser om årsmøte den siste tida. I veke 11 var det årsmøte i Folkeakademiet Valle måndag, i Setesdal Hagelag på tysdag og Bykle mållag torsdag. I Åraksbø venta dei til fredag, men då hadde dei sju årsmøte etter kvarandre på Åraksbø grendehus. Du finn lista når du slår opp på den aktuelle datoen, 14. mars på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/14._mars_2014

Av årsmøta i veke 11 dekka Setesdølen møtet i Setesdal Hagelag på Pernille. Då fekk vi vite at Arnar Kjetså overlet leiaroppgåva til Anne Berit Birkeland og at ho har med seg kasserar Eli Tveitå, Harald Kleggetveit, Ingerlise Hannås, Torgrim Moseid, Wenche Johannesson og Marija-Liisa Steinbru i styret. Laget opplever ein ny vår og på årsmøtet var det 28 til stades, fleire nye teikna seg som medlemer, så laget har no 50 medlemer. I tillegg kjem ei avdeling for Valle og Bykle.

Ikkje mange lag sender inn årsmeldinga til Setesdølen, men Hornnes sanitetslag gjorde det. Der fortel Sigrun Smeland om aktiviteten i året som gjekk, og det slår lesaren at dei er rause i laget. Medlemspengane er 450 kroner, men laget stør ein fotpleietime for medlemer over 70 år med 300 kroner, då vert reell kontingent for dei over 70 år bare 150 kroner. Laget deler ut gåver med raus hand frå inntektene dei får ved ein basar og ved å selje fastelavnsris. Åtte forskningsinstitusjonar får 1000 kroner kvar, alle over 80 år får ei konfekteske til jol, barneskulen på Hornnes fekk 1500 kroner til clementinar i desember til alle elevane, Blomsterstiftelsen fekk 1000 kroner, Ferieklubben fekk 10900 kroner til ein tur til dyreparken, Frivilligsentralen fekk 5000 kroner til Prosjekt Sandbøtte, eit tilbod til eldre og uføre når det vert glatt, fredagsklubben på Furuly fekk 3000 og eit nystarta sanitetslag i Etiopia fekk 1660 kroner og lovnad om det same i to år til.

Elles hadde avisa oppslag om at setesdalskommunane hadde fått 80 millionar kroner meir i konsesjonskraft om dei hadde slått seg saman. Det førte til at eg laga ein artikkel om konsesjonskraft på Setesdalswiki basert på artikkelen. Den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Konsesjonskraft og få med deg kor mykje kvar kommune no får i slike inntekter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *