Veka som gjekk, veke 8, 2014

Share

Eg har teke til å lage litt lange kåseri basert på stoff i Setesdølen. Tysdag i veke 9 kåserte eg med utgangspunkt i lesarinnlegg i Setesdølen i veke 8, då var debatten sterk i avisa. Planen har vore å legge kåseria ut på bloggen, slik at dei kunne lesast, men denne gongen vart det ikkje noko av det, så sjølv om det er lenge sidan veke 8, tenkjer eg at det er betre seint enn aldri, og dermed kjem den delen av kåseriet som handla om lesarinnlegga her:

Veka som gjekk, veke 8, 2014

Å få ein aktiv debatt i ei avis har blitt viktigare dei siste åra. Dei fleste avisene med respekt for seg sjølv let lesarane sleppe til orde. Til dømes har Fædrelandsvennen utvida plassen dei gjev til debatt ganske mykje, det er større artiklar og små innlegg og fyller både tre og fire sider kvar dag. Du som høyrer på tysdagssendingane i Valle Radio vil vite at i serien om Grunnloven 200 år har fleire av dei som har skrive innlegg i Fædrelandsvennen, kome til orde også i sendingane våre.

I ein samtale eg hadde med Sigurd Haugsgjerd for ei tid tilbake sukka han litt over at setesdølar flest ikkje var så ivrige til å skrive lesarinnlegg og meinte at det vel burde vore ei side i avisa mest kvar utgåve. Lesarinnlegg er godt stoff, dei kan skape temperatur og engasjement hos lesarane.

Kommunedelplan Hovden
No går debatten for fullt i Setesdølens spalter. Sist veke starta Hans Blattmann, dagleg leiar av Hovden Skigymnas, ein debatt om kalde og varme senger på Hovden, noko som er omtalt i kommunedelplan for Hovden. Kalde senger er senger i private hytter, medan varme senger er senger i hotell, sjølv om dei og kan vere kalde det meste av veka. Det er dei varme sengene som skaper arbeidsplassar over tid, kalde senger skapar bare arbeidsplassar i byggeperioden.

Denne veka fullførte han sitt innlegg med å be om at folk engasjerer seg, ikkje minst barn og unge, og at det lukkast å bevare grøntområdene på Hovden. Til no har Bykle kommunestyre hatt lite engasjement for dette, meinte Hans Blattmann.

Om det var dette innlegget som fekk både legen i Bykle, spesialist i allmennmedisin og petroleumslege Maren Østvold og Anne Liv Lidtveit til å ta pennen fatt. Ingen av dei kan forstå at det skal vere aktuelt å ta området ved Hegni til campingplass. Når New York kan ta vare på Central Park, bør Bykle kunne klare å ta vare på Hegni, skriv Anne Liv, som no bur på Rysstad, men som framleis er levande engasjert i det som rører seg på Hovden.

Sentrumsplan Valle
Spørsmålet om sentrumsutvikling i Valle har vore omtalt i mange innlegg i Setesdølen. I veke 8 var pensjonert kulturkonsulent Ånund K. Homme igjen på banen. Han har ofte sagt at det hadde vore fornuftig å setje opp eit sentrumsbygg med butikkar, bibliotek og leiligheter nede ved riksveg 9 og meinte vel at ideane til Leiv Rygg om kultur- og næringsbygg i Bygland godt kunne tilpassast Valle. Han tenkjer og at det kan høve med leiligheter der Menighetshuset står i dag. I tillegg foreslår han å byggje glastak over sentrum, kan hende skulle ein rive Frikyrkja og gamlebanken, frikyrkja kunne ein bygge opp att i Prestvodden, meiner Ånund K. Homme, som og minner om at ved å slå saman Bykle, Valle og øvre del av Bygland, vil kommunesenteret naturleg hamne i Valle sentrum. Også Kjetil Nomeland er inne på dette og meiner at noverande sentrum i Valle ikkje høver for bilar, bare for syklar og gåande.

Eit anna innspel når det gjeld sentrum i Valle står Daniel Rike for. Han greier ut om korleis ein i moderne tid byggjer kyrkjer med menighetssal i same huset. Difor meiner han at ei kyrkjestoge i Valle må ligge i nær tilknytning til kyrkja, å kombinere kyrkjestoge med eit sentrumsbygg på Menighetshustomta vil vere å gå tilbake til noko som ikkje fungerte så godt.

Sentrum i Bygland
Leiv Rygg, ordføraren i Bygland, km med eit innspel til debatten om idrettshall og kulturbygg i Bygland i veke 7. I veke 8 fekk han svar, først av Turid Skaar Greibrokk frå Årdal sokn og så frå Vidar Frøysnes, gruppeleiar i Ap. Ho meiner at det får halde med opprusting av gymsalen i ei tid der folketalet går ned, medan han forklarar kvifor Ap no har snudd og vil ha stor idrettshall og kultur- og næringsbygg ved riksvegen.

Grendenamn i staden for vegnamn
Vidar Toreid slår eit slag for å nytte grendenamn i staden for vegnamnet Setesdalsvegen i Bygland. Han meiner at ein kan nummerer husa i grenda og til dømes kalle ei adresse på Helle med det rette namnet, Hedde 66, 4748 Rysstad. Tilsvarande kan ein gjere i andre grender i dalen. No er namna alt vedtekne i Valle, men både Bygland og Evje og Hornnes har endå høve til å fylgje Toreid sitt framlegg.

Hoss
Jon Bjones, den pensjonerte gymnaslektoren som bur på Bø i Telemark, men som opprinneleg er frå Bykle, har eit lesarinnlegg om ordet Hoss. Han lurer på om det er vallemål for korleis og meiner å ha sett det i setelarkivet til Norsk ordbok, som snart kjem ut og at det var læraren Bergit Rike som hadde skrive det.

Men han fekk fort svar på tiltale. Torjus Uppstad går gjennom all bruk av ordet koss, som Bergit Rike har skrive opp. Hoss betyr merr, beist (kvikt krøter) eller ugrei kvinne, siterer Torjus etter vallemal.no Språkdebattar plar ikkje stoppe med eit par innlegg, så vi kan nok vente meir om dette i avisa.

Etter så mange lesarinnlegg høver det vel å spele noko musikk frå ein Evje-journalist som har gjort byråkrat av seg i Lyngdal: Her kjem Ole Aa Brattfjord Dalen min

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *