Sjølvmelding

Share

Når eg startar på denne bloggen, er det fem minutt att for å levere sjølvmeldinga. Eg trudde det eg gjorde i helga var ok, men så kom eg på noko eg måtte sjekke, og då kunne eg gå inn og korrigere det eg hadde gjort. Men no klokka 24 er det slutt, då må eg ha levert, og det har eg.

Før samla vi på lønnsoppgåver og kontooversyn og sat minst ein heil kveld for å få på plass alle tala i sjølvmeldinga. No brukte eg kan hende ein halv time, eg må jo føre opp nokre tal kvart år fordi eg har dobbel hushaldning. Men den digitale utviklinga stoppar ikkje, for dei fleste av oss treng knapt korrigere noko, og då treng ein ikkje ein gong logge seg inn, i år var det vel slik at om ein ikkje gjorde noko, var tala godkjende.

Når ein sit slik med tala for året som gjekk, då tenkjer ein som regel på at ein skulle hatt noko meir å trekke frå. Det er jo slik at ein kan trekke frå gåver til ein del føremål, men dersom ein ikkje fekk gje dei i fjor, er det jo for seint når april ebbar ut. Så noterer ein at kan hende burde nokre gode føremål som ein støttar få noko i år, men så høver det ikkje akkurat i april, og så går det i gløymeboka, og plutseleg er året omme utan at ein fekk gjere det i år heller.

Då kunne det vere greitt å ha eit budsjett der ein har ført opp noko slikt og så avtalt med banken om å få til eit trekk, slik at ein kunne gje noko til eit føremål ein set pris på og så til og med få trekke frå gåvene på skatten. Men det må planlegging til. I morgon må eg prøve å få til ein slik plan, i morgon, men ikkje i dag, for i dag tek eg no kvelden.

Og i morgon er det mai….

Jeg løfter mine øyne opp til fjellene

Share

I går skreiv eg om den fine dalen eg køyrer gjennom når eg reiser frå Mandal til Valle. Eg stoppa vel helst med fjorden og elva og landskapet nede i dalen, men vart i dag minna om salme 121 frå Bibelen: Jeg løfter mine øyne opp til fjellene, som eg her siterer på bokmål:

Jeg løfter mine øyne opp tilfjellene,
Hvor skal min hjelp komme fra?
Min hjelp kommer ifra Herren,
himmelens og jordens skaper.
Han skal ingenlunde la din fot vakle,
din vokter skal ingenlunde slumre,
se, han slumrer ikke og sover ikke,
Israels vokter.
Herren er din vokter,
Herren er din skygge
ved din høyre hånd.
Solen skal ikke stikke deg om dagen,
ei heller ikke om natten.
Herren skal bevare deg fra alt ondt,
han skal bevare din sjel.
Herren skal bevare din utgang og din inngang
fra nå av og til evig tid. Amen!
Fra nå av og til evig tid.

Med ein fengande melodi frå Israel har salma blitt kjær for mange ikkje bare som lesetekst, men og som sang. Her er lenke til sangen på YouTube med Tore og koret. https://www.youtube.com/watch?v=PWLDblSkX28 John Hardang i P7 Kristen riksradio har skrive nokre linjer der denne strofa er utgangspunktet: http://www.p7.no/andakter/93-jeg-lofter-mine-oyne-opp-til-fjellene Her seier han: Også over de høyeste fjell hviler det en himmel. Herren er større enn dine og mine vanskeligheter.

Så kan vi løfte augo mot fjella og sjå at det kvelver seg ein himmel over dei. Det gir von og tru også i vonde dagar.

Ein vakker dal

Share

Når eg køyrer mellom Mandal og Valle, slår det meg at Setesdal er ein vakker dal. Det har ikkje bare med fjella å gjere, kan hende har det meir med opplevinga av at dalen ikkje er grodd att, men at ein har hogd og tynna i trea som veks langs vegen slik at vi dei fleste plasser kan sjå oss omkring. I Mandalen er det på langt nær så ope, og dermed heller ikkje så interessant.

Til dømes kan ein no i snøsmeltingsperioden sjå vatn i elvefar som elles er temmeleg turre. Rennande vatn er alltid interessant å sjå, og i setesdal er det fossar som kastar seg ut over bratte fjellsider no. Det er så ein får lyst til å syngje Flaumen går sjølv om det meste av flaumen vert samla opp i magasina og helst renn i tunellar.

Slik sit ein og funderer og køyrer i det fine vårveret. Så lurer ein på om folk lenger kan Flaumen går. Eg trur eg får dele den sangen av Ivar Mortenson Egnund med dykk i kveld:

Flaumen går I Noreg er vår, Bjørka sprett i dalom.
Dølakar Traust og hard Rydjer fedregard.
Sjå kor det losnar i alle liom, Skreda fer etter bergesidom.
Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan» er det som rår.

2
Frå fjellet rinn Ein bekk så linn Mellom stuv og steinar.
Av bekker små Det vert ei å, Fagrast du skal sjå.
Høyr kor det i vatnet susar, Høyr kor det i fossen brusar!
Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan» er det som rår.

3
Lita å Kan du forstå Kor ho fekk slikt mæle?
Bekk som rann Er vaksen mann. Stans han, om du kan.
Ingen mann kan straumen vende. Tømmer og hus det set han på ende.
Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan» er det som rår.

4
Bykar stram På gata går fram, Trur han skal oss lære.
Men ikkje eg Fær støkk av deg, Sjølv eg rår min veg.
Bøndan» er ikkje lenger mjuke, Husbondsretten, han vil me bruke.
Retten er vår, Skulda er dår Å lyde Noregs kår.

5
Om seint me kjem, Så er det med klem. Me vil garden rydja.
Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol.
Norsk mål vil me i Noreg hava, Ikkje lenger med dansken kava.
Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol.

6
Blankt som gull Og mjukt som ull Er det norske målet.
Som sol på fjell, Som blome-tjeld, Som fuglesong om kveld.
Tusen års rot det hev i landet, Tusen år til så skal det stande.
Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan» er det som rår.

7
Sumar-sol Skin på jord, Så jonsok-blomen laver!
Læt frå koll Lur over voll, Og dølan» slær på skjold.
Av skal ho hivast lurve-hetta! Gullhjelm lyser i morgon-gletta.
Læt frå koll Lur over voll, Og dølan» slær på skjold.

8
Haralds verk Fjellbonde sterk Gjer no andre gongen.
Gamalt grjot Av kjemperot Endå hev manndom og mot.
Kome alle, ver med på ferda, Så skal det spørjast i vide verda,
At Noregs mann Gjekk på og vann Atter sitt eige land

Ringar i vatnet

Share

I går skreiv eg om at eg hadde laga ei side på Facebook for Setesdalswiki og at det var over 50 som hadde trykt liker, noko eg var svært takksam for. I løpet av sundag er talet auka til 225, då kan ein vel seie at det har spreidd seg som ringar i vatnet.

I dag laga eg artikkel om Nor Dan Båtbyggeri på Evje, om travløpet Torbjørn G. Haugens minneløp og om Jan Kløvstad på Setesdalswiki. Alle artiklane la eg lenke til på sida. I løpet av dagen har tett på 300 gjester vore innom Setesdalswiki. Det er ikkje det høgaste talet i april, men dei har sett på 3953 sider, og det er det høgaste talet på sidevisningar i april.

Det er ikkje så lett å vite kva ein skal legge ut på sida, men ein lærer vel etter kvart. Målet med sida skulle jo og vere å få respons frå folk, men til no er det mange som liker og få som skriv. Eg stilte eit spørsmål i kveld om nokon visste kor framsidebiletet var frå, og det gjekk vel ikkje meir enn eit minutt, så var Knut Olav Tveiten der med svaret. Difor la eg ut eit nytt bilete, men det er nok noko vanskelegare.

Så får ein sjå om ringane i vatnet spreier seg. Det hadde vore hyggeleg om dei gjekk endå lenger.

Setesdalswiki på Facebook

Share

Eg har gått ei stund og tenkt på at Setesdalswiki burde vere på Facebook. Men som den gamle mannen eg er, har det ikkje vore så lett å tenke korleis det skulle gjerast. Men så tenkte eg at eg kunne lage ei gruppe for Setesdalskonferansen 2014, så fekk eg litt erfaring. Det gjekk i grunnen greitt, og etter kvart kunne eg legge lenker der til ting eg skreiv om Setesdalskonferansen på Setesdalswiki. I løpet av konferansen var det litt sosial interaksjon med deltakarne i gruppa, dei fleste av dei var på konferansen på Revsnes.

Etter at Setesdalskonferansen var ferdig i går, var det eit tilbod om eit kurs med Ståle Lindblad om sosiale medier. Han gjekk gjennom dei fleste, og eg såg at eg var ikkje heilt grøn, men at det var mykje eg ikkje kunne. Til dømes synte han meg at eg burde opprette ei side for Setesdalswiki, ikkje ei gruppe. Han gjekk og gjennom mykje av alt det ein kan få til på ei Facebookside, men der må eg nok erkjenne at eg ikkje hang med i svingane.

I Wikipedia-samanheng er det eit uttrykk som heiter Be bold, så etter å ha snakka litt med Helge, son min i dag, tenkte eg at eg fekk prøve. Han meinte at for å få dette til, burde eg nok få hjelp av dotter mi, Margunn, for ho hadde gjort noko liknande før.

Eg hadde ikkje meir enn starta på å opprette side for Setesdalswiki på Facebook, så såg ho det frå Sandøya i Porsgrunn og kom meg til hjelp. Ho fekk medstatus som redaktør og kunne dermed hjelpe med å legge inn både bilete og firma frå Facebook på sida mi, så i løpet av halvannan time var sida mykje meir profesjonell enn eg hadde våga å håpe på. Med 50 som likte sida, la ho inn eit bilete av ei setesdalskofte som Reidun hadde strikka, så no har vi litt ulike typar innlegg på sida.

Målet er at fleire skal få augo opp for leksikonet for Setesdal. Det er over 5000 artiklar no, ein finn mykje informasjon der om ein vil bli kjent med regionen. Ta gjerne turen innom og lik sida på Facebook, så spreier ringane seg i vatnet. https://www.facebook.com/Setesdalswiki

Setesdalskonferansen i media

Share

Medan vi i fjor sukka over at media i så liten grad var interessert i å skrive frå Setesdalskonferansen, kunne vi i år glede oss over at Svein Sundsdal frå NRK Sørlandet var til stades heilt frå starten og eit godt stykke ut på dagen onsdag. Setesdølen var så vidt innom i fjor etter det eg hugsar, i år var Ole Birger Lien til stades frå klokka 11 til klokka 17.15. Men Fædrelandsvennen og Agderposten trur eg ikkje prioriterte dette store arrangementet i indre Agder.

Når det gjeld Setesdølen trur eg at ein grunn til at dei kunne vere til stades onsdag var at konferansen nettopp starta onsdag. Torsdag er redaksjonen der oppteken med innspurten av fredagsavisa. Konferansen har starta torsdag og slutta fredag i alle dei fem åra eg har vore med. Før har ein tenkt at konferansen skal gå fram mot helga, men truleg er det minst like godt å ha han meir midt i veka, både med omsyn til mediedekning og kan hende også for deltaking.

Eg har ikkje oversikt over alt som har vore skrive og synt frå Setesdalskonferansen i lokale og regionale media. Men tildelinga av Setesdalsprisen til Setesdal Bilruter fekk oppslag hos NRK http://www.nrk.no/sorlandet/fikk-setesdalsprisen-1.11680750 og var hovudoppslag i Setesdølen. I NRK kom meldinga for øvrig klokka 20.08, då hadde vi akkurat sett oss til bords, og det var vel mest ein time att til Bjørgulv Sverdrup Lund las opp juryens vurdering. Den kan du lese her på bloggen i gårsdagens post.

NRK hadde og eit oppslag om at Fiat er største kunde til Nor Dan båtbyggeri. http://www.nrk.no/sorlandet/fiat-er-storste-kunde-1.11680157 Dei hadde og eit intervju med Erik Berglihn med tema Setesdølane må snakke kvarandre opp: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-soerlandet/dksl02008114/23-04-2014#t=2h8m27s Konferansen har og vore omtalt i fleire sendingar på Valle Radio, mellom anna hadde eg ein samtale med Terje Greibesland der han fortalde kvifor han prioriterte Setesdalskonferansen i ei svært travel tid. Også Vidar Homme sa noko om det då han var i Valle Radio og snakka om året som gjekk i Valle Sparebank.

I tillegg til dette har Setesdalskonferansen hatt ei gruppe på Facebook. Den har eg hatt ansvar for: https://www.facebook.com/groups/687290014669877/ Eg laga gruppa på førehand og melde på folk som eg rekna med skulle på konferansen. Tanken var at dei skulle få informasjon både før, under og etter konferansen. Det var ei gruppe som var open, folk kunne melde seg på og få informasjon. Til no har gruppa 27 medlemmer, ettersom konferansen er over, er det lite truleg at ho kjem til å få så mange fleire medlemmer. Eg har lagt ut ein del informasjon der og fått nokre kommentarar og ein del likes, men det ser ikkje ut til at folk enno nyttar sosiale medier så mykje.

I løpet av konferansen twitra eg litt med hashtag Setesdalskonferansen. Det førte til at foredragshaldar Ståle Lindblad fann konferansen før han kom til Revsnes, og han twitra og litt i samband med konferansen. Han har 2419 følgere som dermed i prinsippet kunne lese om konferansen. Sjølv har eg 90 følgere som i prinsippet kunne lese det eg skreiv om Setesdalskonferansen.

Kom gjerne med kommentarar om du har noko å legge til når det gjeld Setesdalskonferansen i media.

Setesdalsprisen 2014

Share

Det var fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund som delte ut Setesdalsprisen for 2014. Det skjedde på middagen under Setesdalskonferansen på Revsnes Hotell 23. april 2014. I samband med utdelinga las han opp denne orienteringa frå juryen:

Setesdalsprisen er ei utmerking til næringslivet i Setesdal. Prisen vart første gong delt ut i 2010 – og det er såleis den 5. prisen i historia som no blir delt ut. Kandidatar til prisen blir føreslege etter kunngjering – medan ein jury kårar vinnaren.

Prisen kan gå til privat verksemd – eigar/leiar ut i frå ei samla vurdering der ein finn at kandidaten har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte, anten det gjeld innsats eller nådde resultat. I det kan ligge å skape / sikre arbeidsplassar, lønsemd og verdiskaping, positiv merksemd, å ha vore banebrytande eller på annan måte utmerka seg på ein særleg positiv måte til beste for næringsliv i Setesdal.

Til årets kåring var det 9 føreslegne kandidatar – der 3 svært sterke og ulike kandidatar vart nominerte til «sluttheatet». I tillegg til vinnaren var desse blant dei nominerte:

*Jo og Yngve Breivegen – Hovden hytteservice med si progressive og solide anleggsverksemd
*Olav Neset som «Setesdalsambassadøren» framom nokon – pådrivar for samarbeid og ueigennyttig innsats for reiselivsnæringa i Setesdal i ei årrekkje.

Så kom sjølve grunngjevinga:

Prisvinnaren er oppfatta som traust og solid. Verksemda har tilpassa seg omverda og marknaden i det stille. Stødig drift, langsam vekst og utviding har kjennemerkt drifta i ei årrekkje. Vinnaren er ei sterk merkevare og profilerer Setesdal dagleg i store delar av landsdelen, sjølv om det har vore tendensar til kontroversar kring målform dei siste åra, – er rota sterk og god i distriktet. Verksemda har verka til beste for heile Setesdal sidan ho vart etablert. Sidan slutten på 60-talet har verksemda lagt små og større konkurrentar og marknader under seg.

I høve statuttane til Setesdalsprisen skal mottakaren ha utmerka seg på en særleg forteneste full måte anten over tid eller siste året. Årets prisvinnar «Er en veldrevet bedrift med god ledelse» har forslagsstiller sagt – og det er ein kvinneleg tidlegare styreleiar som kjenner verksemda meir enn godt! I harde fakta og 2012-tal var omsetnaden då på drøye 77 mill i hovudselskapet og ein eigekapitaldel på 70 %, medan dotterselskapet hadde ein omsetnad på ca 35 mil. Når verksemda gir arbeid til 120 tilsette under felles leiing demrar det nok for det fleste at vi snakkar om ei hjørnesteinsverksemd i regionen.

Årets prisvinnar overraska både seg sjølv og omverda tidleg i 2014. Leiinga av selskapet utviste då imponerande mot og risikovilje for å kunne vidareføre ein sentral og ønskja posisjon i sin bransje framover.

Verksemda har komplettert og skapt tilbod i takt med tilgjengeleg infrastruktur – på veg – frå båt og bane. Verksemda er med eitt blitt «kjempestor» i landsdelsmålestokk og administrerande direktør tok i lag med styret ein kalkulert risiko – i det å vere eller ikkje vere – og kunne bli enda større framover då dei rekna som mest i vinter. Opplyser ein at verksemda vart etablert i 1920 – og at dei vant anbodet for kollektivtrafikken i Agder er kandidaten avslørt.

Setesdalsprisen 2014 går til LL Setesdal Bilruter og administrerande direktør Terje Greibesland.

Juryen har både lagt vekt på tydinga denne verksemda har som arbeidsplass og verdiskapar i regionen – men og lete seg imponere over mot og risikovilje til å satse og vinne det store anbodet i ein bransje som retteleg er konkurranseutsett – og med det og skaffa mye positiv merksemd!

Greibesland får og med seg heiderleg omtale frå juryen for å evne å drive selskapet på ein framifrå måte i lag med styret og dei tilsette, for å levere gode resultat på botnlinja, vere oppfatta som ein god arbeidsgjevar, og å ha evna både å fornye kjerneverksemda gjennom oppkjøp av turbilselskap og utvide til nye virkeområde med storbilverkstad. Greibesland har og næringspolitisk engasjement. Han har hatt styreverv i NHO Agder – og ikkje minst var han med å starte Setesdalskonferansen i lag med «Bedriftsgruppa» kring 2006.

Juryen og alle her vil følgje vidare utvikling av Setesdal bilruter framover med interesse!

Signe Sollien Haugå skreiv dette på vegne av juryen. Eg er takksam for at eg fekk publisere det her på bloggen. Den delen av grunngjevinga som gjeld Setesdal Bilruter ligg og i artikkelen om Setesdal Bilruter på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Bilruter og den delen som gjeld Terje Greibesland ligg på artikkelen om han på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Terje_Greibesland

Inspirasjon og ettertanke

Share

Så er første dagen av årets Setesdalskonferanse over. Det vart ein dag til inspirasjon og ettertanke. Konferansen starta med at Kjell O. Johannessen, som har vore leiar for NODE-samarbeidet mellom oljerelaterte bedrifter på Sørlandet, stilte spørsmål om klynge-samarbeid kunne vere noko for Setesdal. Det vart ei innleiing som gav mange tankar om samarbeid i Setesdal. Han utfordra folk til å tenke meir globalt og prøve å få inspirasjon der den kunne finnast.

Så gjekk det slag i slag med programpostane slik du finn dei i oversikta på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2014 Sjølv om Heidi Ose fekk forfall, ho hadde vore i USA i påska og var sjuk då ho kom heim, brukte dei fire kvinnene tida og vel så det, så etter kvart kom vi i tidsnaud. Erik Berglihn heldt eit godt innlegg, noko av det han snakka om var kjent frå då eg hadde han med i Valle Radio i onsdagsprogrammet 15. januar, men det er jo alt tre månader sidan, så han hadde meir å føye til. Så kom Rune Ingebretsen med gründerhistoria si, der han fortalde om Tytingen før Terje Greibesland fortalde om prosessen som førte til at dei no har kjøpt 125 bussar frå Scania og køyre i både austre og vestre del av Aust-Agder.

Dagens høgdepunkt var nok for dei fleste Geir Lippestad sitt foredrag om Verdibasert kommunikasjon. Han brukte halvannan time og etterpå var det god tid til spørsmål og kommentarar, så det programmet som skulle ha slutta klokka 17.30, men som starta ein halv time etter oppsett program, det gjekk heilt til 18.30, utan at nokon tenkte på det. Eg la ut litt på Facebook-sida om konferansen, der kan du sjå meir: https://www.facebook.com/groups/687290014669877/

Så var det bare å få på seg finklede og mingle litt før middag, vi gjekk til bords presis klokka 20 og sat ved bordet til klokka 22.30. Då hadde vi hedra Terje Greibesland og Setesdal Bilruter med Setesdalsprisen 2014, fått i oss forrett som var laks og lefse, hovudrett som var hjort frå Fjellgarden Hovden og kortreiste tilslørte bondepiker, dei kom frå kjøkkenet på Revsnes hotell. Då var det i grunnen bare å finne datamaskinen og skrive denne bloggen før ein kunne mingle vidare ut i dei små timane. Men i morgon startar det med frokost klokka 7.30, og alt no riggar personalet på hotellet til ein ny og spennande dag.

Etterarbeid

Share

Det er ikkje bare forarbeid til ein påskebasar, men og etterarbeid. I kveld møttest Ørnulf, Britta Lise og Rolf Erik for å gjere ein stor del av etterarbeidet. Britta Lise har lagt trekningslista ut på Facebook, så ein kan sjå at det er mange gåvekort som skal skrivast ut og leggjast i konvoluttar før jobben er gjort.

Nokre kjøpte lodd for 6000 kroner og vann kanskje eit gåvekort eller to på 250 kroner, så dei kan vel ikkje akkurat skryte av den gode fortenesta. Men når det gjeld basar, er det vel ikkje så mykje tale om forteneste som å støtte ein god sak. Og det er all grunn til å støtte Valle Radio. Gjennom vinterhalvåret held medarbeidarane liv i radioen med eit par sendingar mest kvar veke, til glede for seg sjølv og for folk i heile Setesdal.

Eg trur næringslivet i heile dalen set pris på Valle Radio, i alle fall har det ikkje vore vanskeleg å få sponsing og premiar til basaren. Når ein tenkjer på at det er bedrifter frå øvst til nedst i dalen som er med på denne dugnaden, vert ein både audmjuk og takksam. Vi får lov til å dele kulturstoff og nyhetsstoff med lyttarar i hus og hytter takka vere innsatsen som vert gjort.

I kveld kom arbeidsutvalet i styret altså saman klokka 17 for å pakke gåvekort og gjere klart til å sende dei ut. Når eg avslutta sendinga klokka 21.15, var dei framleis ikkje ferdige. Så etterarbeid må til. Og så held arbeidet fram med Valle Radio nok eit år.

Program for tysdag 22. april 2014

Share

Etter dei store påskesendingane vert det kan hende eit antiklimaks å starte på vanlege sendingar att. Eg fekk ein epost frå Ørnulf med resultatet av påskebasaren til Valle Radio. Han skriv:

Der kom inn 205.980 på basaren. Med sposorpengar, totalt 215.980 på årets basar. Vinnar av hovudgevinst er Brokke eigendom. Totalt var det mest 1500 som ringa inn + alle mail og kjøp av lodd, og helsingar på sms. Vi takkar alle som var med på å få til dette resultatet.

Tysdag 22. april 2014

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Hans Nielsen Hauge og 1814. Telefon til Sigbjørn Ravnåsen i Hauge-instituttet
19.10 Country Gospel timen 16 2014 Påske
20.15 Påske i Øvre Setesdal. Prost Gunnar Ellingsen
20.30 Postludium. Påskeprogram ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken