29. juni 2014

Share

Denne dagen bør du alt no merke deg, for det er denne sundagen ein skal markere at Hylestad kyrkje er 175 år. Sissa Ringstad var i Valle Radio tysdagskvelden og då fortalde ho dette og ba alle som ville vere med på jubileet om å merke seg datoen.

Programmet for jubileet held no på å ta form, det skal vere blomenedlegging ved den gamle kyrkjestaden på Bjørgum først, deretter vert det festgudsteneste i Hylestad kyrkje og etter det festmiddag med meir på Soknehuset. Hylestad bygdekvinnelag skal stå for serveringa, då skulle den vere i dei beste hender.

Detaljar i programmet vil eg kome tilbake til seinare, men det høver greitt å minne om det alt no. Sjølv har eg mange gode minne frå Hylestad kyrkje og det er det sikkert mange andre og som har. No kan ein leite i minnet og få eit høve til å dele dei med andre denne dagen, eller kan hende ein eller annan gong før denne dagen. Artikkele på Setesdalswiki om kyrkja vil nok verte utvida noko etter kvart. Difor kan det løne seg å fylgje med der. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_kyrkje

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *