Eidsvoll og Petra

Share

-Eg har budd ei veke i ei ørken, sa Sissel Åkre i Valle Radio tysdag 1. april. Det var ingen aprilsnarr ho og Olav hadde vore på tur til Jordan og då budde dei ei veke med ugjestmild natur der dei var.

I samtalen vår starta ho med å fortelje om då ho reiste til Eidsvoll i samband med starten på Grunnlovsjubileet. Ho tok toget frå Oslo i lag med mange andre og så var det eit stykke å gå før ho kom til Eidsvollsbygningen. Der var det laga til som ein marknad, ein kunne mellom anna kjøpe mat ikkje ulik det dei åt der for 200 år sidan. Sjølvsagt var det og souvenirar å få kjøpt til minne om dette.

Sissel fortalde levande frå besøket, som enda med at ho reiste heim att for å sjå showet på TV, det var kaldt og bare ståplass, så ho ville ikkje utsetje seg for det. Men det var moro å ha vore der, sa ho.

Endå meir interessant var det å ha vore på Nebo berg og som Moses ha stått og sett inn i det lova landet. Sissel las frå siste kapittel i 5. Mosebok: Moses gikk fra slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligger rett imot Jeriko. Og Herren lot ham se hele landet: Gilead like til Dan, hele Naftali, Efraims og Manasses land og hele Judas land til havet i vest, -Det var ei spesiell oppleving, sa ho. Fjella låg i ein dis, så vi kunne ikkje sjå så langt som det her er skrive, men det gav meg lyst til å lese meir om dette i Bibelen, sa ho. Men fyrst måtte ho lese seg opp på det som skjedde for 200 år sidan, den historia og er interessant å ta med seg.

Så fortalde ho om korleis dei hadde teke fly til Amman og deretter reist ut i øydemarka. Det var rart for henne som til vanleg elskar shopping i byar å oppleve at shopping ikkje var interessant på denne turen. Dei kom til Petra, byen som er hogd ut i fjellet. På toppen av eit fjell der var det eit kloster, også hogd ut i fjellet. Det var 800 trappetrinn opp, og folk kunne sitje på esel eller gå sjølve. Ho prøvde å sitje på esel, men det var ikkje hennar greie, så ho klatra dei 800 trappetrinna til toppen og overraska nok Olav litt då ho kom opp der for eigne bein.

Så var det underlåg å sjå Jordan-elva, som ikkje var særleg stor. Rart å vere på staden der Jesus vart døypt, rart å sjå over grensa mot Israel der det stod soldatar med våpen bare 20 meter unna. Eit bad i Dødehavet vart det og plass til på turen, som var ei heilt spesiell oppleving frå ende til annan, slutta ho.

Diverre fall linja til Bykle ned då ho fortalde, så det var kanskje bare dei som høyrde på Internett som fekk med seg den interessant forteljinga. Det gjekk ei stund før vi oppdaga det og fekk kople opp att. Eg skulle ønske at vi kunne ha ei stabil linje slik at slikt ikkje skjedde, men veit ikkje korleis det skal ordnast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *