Førebuing av påskesendingane

Share

I kveld var det livleg i studio. Reklamene for påskesendingane og hovudsponsorane våre, Statoil Rysstad og Evje Glasservice , vart spelte inn. Hilde Straume og Egil Åmlid, frå Hylestad og Valle Revylag var med og då kan du nok tenke deg resten.

Om lag slik var Britta Lise si melding på Facebook saman med nokre bilete frå kvelden i studio. Det har visst gått strålande å få inn gevinstar. Systemet for gevinstane er no at vinnarane får gåvekort som dei må bruke hos dei som gjev gåvekorta. Dermed er administrasjonen mykje lettare for dei som står for påskesendingane.

Bakgrunnen for denne løysinga er at då vi hadde gjenstander som premiar, og desse skulle hentast på bensinstasjonar, var det mange som ikkje kom innom og henta det dei hadde vunne. Dermed vart premiar liggjande i veker og ta plass. Dette var ulagleg for alle partar, så det nye systemet er betre for både radioen og dei som gjev premiane og bensinstasjonane. Der er altså ein vinn, vinn, vinn-situasjon.

Reidar Tveito ville gjerne gje boka om Setesdalsbanen som han laga som premie. Den måtte trykkjast i nytt opplag, første opplaget var utseld. Men han har ingen butikk. Difor allierte han seg med Birting Libris i Kristiansand og Setesdalen Libris på Evje, så vinnarane kan hente premiane der. Vona er at dei kanskje kjøper noko anna når dei først er innom bokhandelen for å hente premien.

Då eg hadde sendinga på tysdag denne veka, var Jorunn Lund Harstad innom i radioen og førebudde påskesendinga. Ho har ansvar for at det er nok folk til å ta imot telefonar desse kveldane, og ei opptelling syner at totalt, med programleiarar og øvrige medhejlparar, er det 18 personar i sving kvar av dei to kveldane. Det er vel bare å gle seg, to veker fram i tid er første kvelden med påskelotteri i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *