Inspirasjon og ettertanke

Share

Så er første dagen av årets Setesdalskonferanse over. Det vart ein dag til inspirasjon og ettertanke. Konferansen starta med at Kjell O. Johannessen, som har vore leiar for NODE-samarbeidet mellom oljerelaterte bedrifter på Sørlandet, stilte spørsmål om klynge-samarbeid kunne vere noko for Setesdal. Det vart ei innleiing som gav mange tankar om samarbeid i Setesdal. Han utfordra folk til å tenke meir globalt og prøve å få inspirasjon der den kunne finnast.

Så gjekk det slag i slag med programpostane slik du finn dei i oversikta på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2014 Sjølv om Heidi Ose fekk forfall, ho hadde vore i USA i påska og var sjuk då ho kom heim, brukte dei fire kvinnene tida og vel så det, så etter kvart kom vi i tidsnaud. Erik Berglihn heldt eit godt innlegg, noko av det han snakka om var kjent frå då eg hadde han med i Valle Radio i onsdagsprogrammet 15. januar, men det er jo alt tre månader sidan, så han hadde meir å føye til. Så kom Rune Ingebretsen med gründerhistoria si, der han fortalde om Tytingen før Terje Greibesland fortalde om prosessen som førte til at dei no har kjøpt 125 bussar frå Scania og køyre i både austre og vestre del av Aust-Agder.

Dagens høgdepunkt var nok for dei fleste Geir Lippestad sitt foredrag om Verdibasert kommunikasjon. Han brukte halvannan time og etterpå var det god tid til spørsmål og kommentarar, så det programmet som skulle ha slutta klokka 17.30, men som starta ein halv time etter oppsett program, det gjekk heilt til 18.30, utan at nokon tenkte på det. Eg la ut litt på Facebook-sida om konferansen, der kan du sjå meir: https://www.facebook.com/groups/687290014669877/

Så var det bare å få på seg finklede og mingle litt før middag, vi gjekk til bords presis klokka 20 og sat ved bordet til klokka 22.30. Då hadde vi hedra Terje Greibesland og Setesdal Bilruter med Setesdalsprisen 2014, fått i oss forrett som var laks og lefse, hovudrett som var hjort frå Fjellgarden Hovden og kortreiste tilslørte bondepiker, dei kom frå kjøkkenet på Revsnes hotell. Då var det i grunnen bare å finne datamaskinen og skrive denne bloggen før ein kunne mingle vidare ut i dei små timane. Men i morgon startar det med frokost klokka 7.30, og alt no riggar personalet på hotellet til ein ny og spennande dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *