Leirstader og andre eigedomar

Share

Opp gjennom åra har kristelege organisasjonar etablert leirstader og andre eigedomar å drive arbeidet sitt ut frå. I dagens Fædrelandsvennen stod det om leirstaden Havglimt som NMS har i Lillesand: Etter 60 år i misjonsselskapets eie kan skjærgårdsidyllen bli avhendet. I dagens Vårt Land stod det og om Den indre Sjømannsmisjon, som eig Oslo Sjømannskirke. Etter ei årrekke der eigedomen på Bygdøy har vore organisasjonen sitt hovudsette på Austlandet, kan den og bli seld.

Bakgrunnen for dette er at inntektene i organisasjonane går nedover og at det er dyrt å sitje med eigedomar, ein kan heller prøve å få inn pengar for å halde oppe drifta nokre år til. For NMS har ein etter kvart fått større regionar, og der er parolen at ein bør prøve å klare seg med ein leirstad i kvar region. Då vinn leirstaden på Åpta i Farsund kommune over den meir nedslitne leirstaden Havglimt i Lillesand. For DISM blir det viktigare å halde misjonsbåten Elieser i drift enn det meste av bygningar organisasjonen har på land.

Det er helst noko vemodig å lese slike oppslag. I generasjonar har folk samla inn pengar og jobba i dugnadsøkter for å få det til å gå rundt slik at vedlikehald og andre utgifter kan dekkast. Men no går det mot slutten. For ein som har hatt eit engasjement i kristne organisasjonar sitt arbeid, kjennest det som ei avkorting av arbeidet at eigedomar må gjerast om til månadsløner for folk. Tanken melder seg: Det vil nok ikkje halde så lenge, så er det botnskrapa att.

Sjølv var eg redaktør for DISM sitt organ Fiskerens Venn frå 1972 til 1976. Då kom bladet ut om lag kvar veke, det var i avisformat og eg hugsar at eg måtte skrive om lag 40 maskinskrivne A4-ark for å ha nok stoff til å fylle bladet kvar veke. No kjem bladet knapt ein gong i månaden, det har bladformat i A5, rett nok med fargar og fint papir, men det er heilt klart ikkje like mykje informasjon å sende ut til misjonsfolket no som for 40 år sidan.

Om leirstadene vert selde, om pengane kan fungere som hjelp til å snu ein trend eller om dei bare blir naudhjelp før avvikling av arbeidet, det står att å sjå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *