Meir om etterkomarane

Share

Eg har dei siste vekene lese boka som Svein Inge Olsen laga om ei grein av etterkomarane etter Olav Knutsson Tveiten. I dag var det ei lenke på Facebook om ein hjemmealene-fest i Haugesundsområdet som enda i masseslagsmål. Då kommenterte Johs Bjørkeli det slik: Ja søndags- og mandagsavisene viser at vi ikke er etterkommere etter vikinger for ingenting. Pluss at vi ikke har drikkekultur i dette landet.

Så tenkjer eg på Bjørgulv Uppstad, kjempa frå Setesdal som slo inn døra hos eidsvollsmannen på Tveitetunet og kravde dottera hans medan han klynga han opp etter veggen. Han fekk dottera, dei fekk etter kvart fleire barn, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sigrid_Olsdotter_Tveitens_barn

I boka Kjempa frå Setesdal fortel Svein Inge Olsen om fleire av etterkomarane, dei heldt fram med slåssing og drikking i fleire generasjonar. Han siterer frå rettsprotokollar der det går fram at slektningar saksøkjer kvarandre etter slåsskampar. Det er så ein mest ikkje kan tru det er sant, det var bare skytevåpen som mangla for at det skulle vere ville vesten, sa han i samtalen vi hadde i Valle Radio.

Truleg er det noko betre i våre dagar. Men han dukkar opp, stridslysten, der ein kanskje minst skulle vente det. Då kan jo palmesundagsbodskapen kanskje ha noko for seg, der vi høyrer om han som rid inn i Jerusalem på eit esel og som vender det andre kinnet til og lærer hissige fiskarar og andre som let seg fascinere av han om eit anna liv og andre verdiar. Men det tek si tid å implementere dei, det kan ein nok slå fast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *