Påskereisa 2014

Share

Det er ikkje alle som dreg til fjells i påska. Mange held seg heime og reiser heller på tur med Thor Bjarne Bore i Den store påskereisen. I dag var spørsmåla hans å finne i Fædrelandsvennen, og eg fann dei og på bloggen hans: http://bore-aktuelt.blogspot.no/search?updated-min=2014-01-01T00:00:00%2B01:00&updated-max=2015-01-01T00:00:00%2B01:00&max-results=17

Så sit vi der og lurer på kva det kan vere han har klekt ut av finurlege variantar i år. Ta til dømes dette spørsmålet: En pionér klarte ikke å kvalifisere seg, men ble likevel invitert. Hun kommer fra denne kommunen, en annen pionér flyttet hit og var med i en historisk gulltrio. I kommunen ligger det en by med et annet navn. Kommunenavnet er det eneste i Norge som ender på tre konsonanter.

Eg hadde ikkje tenkt på at det er ein kommune i Norge som endar på tre konsonantar, sjølv om eg etter litt leiting fann ut at eg har køyrt gjennom kommunen mange gonger, ja, til og med overnatta der fleire gonger. Det er bare ein kommune som kan vere aktuell, og for å få det bekrefta, må ein rote litt rundt og sjå kor Anette Sagen kjem frå. Ho vart jo invitert til OL i vinter utan å vere kvalifisert.

Slik sit ein og funderer saman rundt bordet, det kjem potetgull på bordet, kanskje litt sjokolade, og så gløymer ein det meste og lurer på spørsmål etter spørsmål saman. Det vert neppe noko reisegåvekort i år heller, men ein kan jo lure og sjå og leite på nettet og i veiboka og andre kjelder som kan gje stadfesting av at ein hugsar litt frå nyhetsbiletet den siste perioden.

Gong etter gong let ein seg imponere over finurlege vinklingar som dukkar opp. Men moro er det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *