Podcast og litt til

Share

Vi har i mange år snakka om korleis vi kunne få til ein podcast som gjer at ein kan høyre program på Valle Radio også etter at sendingane er avslutta. Det har vore vanskeleg å få til eit system som var så enkelt at ein dugnadsinnsats kunne løyse oppgåva.

I det siste har eg teke til å lure på om det kunne vere mogleg å leggje lydfiler ut på Setesdalswiki. Eg lagar jo nokså detaljerte oversyn over programma for tysdagskveldane der, så kanskje kunne ein få til eit system der ein kunne finne programma att på dei sidene.

Eg kom til å diskutere det med Helge no i påska, det er jo han som har serveren til Setesdalswiki. Så fann vi ut at vi ville prøve på eit par program som eg hadde i opptak på minidisk. Det var då eg fekk vite at minidisk ikkje var det enklaste å nytte, for Sony har gjort opptaka der svært så proprietære. Ein kan ikkje ta eit opptak frå ein md og kopiere over til ein datamaskin, ein må spele det over, det tek like lang tid som opptaket er. Helge hadde funne ut at visstnok skal vere ein måte å gjere det på, men ein slik spelar kostar så mykje pengar at bare svært profesjonelle aktørar kan ha råd til det.

Vi sette oss likevel til med ein md-spelar og kopla han til ein pc med dei rette ledningane, og så fekk vi spelt over eit opptak. Det vart litt tilfeldig, eg fann ein md eg hadde frå 2006. Det er var eit intervju med Lisbeth Dalquist Homme der vi snakka om bøker før sommarferien.

Men det var ikkje bara å legge det over på serveren, for den må konfigurerast til å ta lydfiler, det var det ikkje lagt opp til i utgangspunktet. Men det er mogleg med programvaren, så vi får sjå om vi får det til etter kvart. Det skal bli spennande å sjå om vi lukkast. Og så spørst det om eg kan få det til når han reiser tilbake til Oslo. Eg er ikkje særleg vågal når det gjeld å prøve ut nye program på pc, så vi får sjå korleis det legg seg til rette.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *