Rebusar og musikk

Share

I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde Opi sending. Han har eit variert utval av musikk og rebusar som ikkje er henta frå Setesdølen. Dessverre er det ikkje så mange telefonar ein vanleg onsdagskveld, så av og til kjem same personen inn fleire gonger, men etter det eg høyrde i kveld, var det varierte innringarar og hyggelege samtalar mellom Ronny og Anne Lise Harstad, Gyro Kopperud, Anne Liv Mork, Åsmund Rygnestad, Torhild Lunden, som var dei eg høyrde på før eg fekk ein telefon som tok meg bort frå radioen ein periode. Jorunn Lund Harstad var og innom.

Sjølv kom eg inn på ein rebus der løysinga var VÅRFLAUM. I samtalen kom vi inn på det store reservoaret som no vert fylt i Sarvsjuvet i Bykle. Ronny jobbar på Bykle Vindu og har utsikt rett til dammen. Som den fiskeentusiast han er, gleder han ser til oppfyllinga, for då kan han fiske i lunsjpausen eller forlenge dagen i Bykle litt og fiske etter arbeidstid. Han fortalde at dei har det travelt på vindusfabrikken, dei leverer vindu til rehabiliteringa av Bærum Rådhus, eit hotell i Oslo og skal også levere vindu til rehabiliteringa av Hornnes gymnas sin store bygning. Så Daniel Homme, sjefen på Bykle Vindu, som hadde bursdag i dag og fekk helsing frå tanta Anne Liv Mork, har mykje å henge fingrane i.

Dermed fekk eg smette inn opplysning om at Daniel fortalde om Bykle Vindu på Setesdalskonferansen. Eg sa at det var i fjor, men det var i 2012. Då var konferansen på Bykle Hotell, og derifrå var det kort veg til eit bedriftsbesøk. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2012 Men eg oppdaga at eg ikkje hadde artikkel om Daniel enno.

Påmeldinga til Setesdalskonferansen 2014 går for fullt no. Påmeldingsfristen er 11. april, så no må folk sende mail til post@setesdal.no og melde seg på. Konferansen er på Revsnes Hotell 23. og 24. april, prisen for opphald og konferanse er 1000 kroner.

Sjølv om eg løyste rebusen, kom eg ikkje opp av bollen, så det vart ingen premie på meg. Det får våge seg, premien er ikkje det viktige, men at vi får eit triveleg program for lyttarane våre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *