Setesdalskonferansen 2014

Share

No er det vel tre veker til Setesdalskonferansen 2014. Den startar onsdag 23. april og sluttar dagen etterpå. Eg har i eit tidlegare innlegg på bloggen nemnt at Geir Lippestad skal vere foredragshaldar med foredraget «Verdikommunikasjon som motivasjon for å treffe gode val!». Det kom eit oppslag i Setesdølen om det for ei tid tilbake, og på siste møte i Setesdal Regionråd vart det diskutert om dette foredraget skulle vere ope for alle, slik at folk som ikkje var på konferansen, kunne få det med seg. Det har vore fleire spørsmål til Signe Sollien Haugå om dette.

Konferansen er for bedriftsleiarar i Setesdal. Sjølv har eg fått høve til å vere med på Setesdalskonferansen sidan 2009, det var konferansen det året som førte til at Setesdalswiki vart oppretta, og sidan har eg vore med på desse arrangementa. I utgangspunktet var eg med fordi eg var styreleiar i Valle Radio, som vel ikkje akkurat er næringsliv, men som er ein viktig aktør i mediesamangeng, endå viktigare har vi blitt etter at vi tok til å sende til heile dalen.

I samband med at eg skriv på Setesdalswiki, har eg laga artiklar om foredragshaldarane på Setesdalskonferansen. I går leita eg difor fram stoff til informasjon om Kjell O. Johannessen, han som var leiar for industriklynga CNC NODE til i fjor haust. Han skal ha opningsforedraget på konferansen, med tittelen «Løyndomar bak klyngeteoriane – nyklar til regional utvikling i Setesdal?». Om du har høve til det, bør du gå til sida om han på Setesdalswiki og sjå den lille filmen som ligg der frå Forskiningsdagane 2011. Den er lærerrik på mange måtar. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kjell_O._Johannessen

Sist onsdag hadde eg ansvaret for sendinga og intervjua då Terje Greibesland, direktøren i Setesdal Bilruter. Han har vore fast deltakar på Setesdalskonferansen i mange år og sa at han sette stor pris på dette høvet til å møte næringslivsleiarar frå heile Setesdal, på tvers av bransjar og fag. Det same sa Vidar H. Homme, banksjefen i Valle Sparebank, då eg spurde han om han hadde meldt seg på. Det hadde han, og han såg fram til konferansen, som han meinte hadde eit svært godt program. Det meiner eg og, så eg vonar du som høyrer på dette og er næringslivsleiar, melder deg på. Dei tusen kronene det kostar for mat og overnatting og konferanse er ikkje mykje for eit så spennande og flott opplegg. «Samarbeid og arbeidsglede» er motto for konferansen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *