Setesdalskonferansen i media

Share

Medan vi i fjor sukka over at media i så liten grad var interessert i å skrive frå Setesdalskonferansen, kunne vi i år glede oss over at Svein Sundsdal frå NRK Sørlandet var til stades heilt frå starten og eit godt stykke ut på dagen onsdag. Setesdølen var så vidt innom i fjor etter det eg hugsar, i år var Ole Birger Lien til stades frå klokka 11 til klokka 17.15. Men Fædrelandsvennen og Agderposten trur eg ikkje prioriterte dette store arrangementet i indre Agder.

Når det gjeld Setesdølen trur eg at ein grunn til at dei kunne vere til stades onsdag var at konferansen nettopp starta onsdag. Torsdag er redaksjonen der oppteken med innspurten av fredagsavisa. Konferansen har starta torsdag og slutta fredag i alle dei fem åra eg har vore med. Før har ein tenkt at konferansen skal gå fram mot helga, men truleg er det minst like godt å ha han meir midt i veka, både med omsyn til mediedekning og kan hende også for deltaking.

Eg har ikkje oversikt over alt som har vore skrive og synt frå Setesdalskonferansen i lokale og regionale media. Men tildelinga av Setesdalsprisen til Setesdal Bilruter fekk oppslag hos NRK http://www.nrk.no/sorlandet/fikk-setesdalsprisen-1.11680750 og var hovudoppslag i Setesdølen. I NRK kom meldinga for øvrig klokka 20.08, då hadde vi akkurat sett oss til bords, og det var vel mest ein time att til Bjørgulv Sverdrup Lund las opp juryens vurdering. Den kan du lese her på bloggen i gårsdagens post.

NRK hadde og eit oppslag om at Fiat er største kunde til Nor Dan båtbyggeri. http://www.nrk.no/sorlandet/fiat-er-storste-kunde-1.11680157 Dei hadde og eit intervju med Erik Berglihn med tema Setesdølane må snakke kvarandre opp: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-soerlandet/dksl02008114/23-04-2014#t=2h8m27s Konferansen har og vore omtalt i fleire sendingar på Valle Radio, mellom anna hadde eg ein samtale med Terje Greibesland der han fortalde kvifor han prioriterte Setesdalskonferansen i ei svært travel tid. Også Vidar Homme sa noko om det då han var i Valle Radio og snakka om året som gjekk i Valle Sparebank.

I tillegg til dette har Setesdalskonferansen hatt ei gruppe på Facebook. Den har eg hatt ansvar for: https://www.facebook.com/groups/687290014669877/ Eg laga gruppa på førehand og melde på folk som eg rekna med skulle på konferansen. Tanken var at dei skulle få informasjon både før, under og etter konferansen. Det var ei gruppe som var open, folk kunne melde seg på og få informasjon. Til no har gruppa 27 medlemmer, ettersom konferansen er over, er det lite truleg at ho kjem til å få så mange fleire medlemmer. Eg har lagt ut ein del informasjon der og fått nokre kommentarar og ein del likes, men det ser ikkje ut til at folk enno nyttar sosiale medier så mykje.

I løpet av konferansen twitra eg litt med hashtag Setesdalskonferansen. Det førte til at foredragshaldar Ståle Lindblad fann konferansen før han kom til Revsnes, og han twitra og litt i samband med konferansen. Han har 2419 følgere som dermed i prinsippet kunne lese om konferansen. Sjølv har eg 90 følgere som i prinsippet kunne lese det eg skreiv om Setesdalskonferansen.

Kom gjerne med kommentarar om du har noko å legge til når det gjeld Setesdalskonferansen i media.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *