Setesdalsprisen 2014

Share

Det var fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund som delte ut Setesdalsprisen for 2014. Det skjedde på middagen under Setesdalskonferansen på Revsnes Hotell 23. april 2014. I samband med utdelinga las han opp denne orienteringa frå juryen:

Setesdalsprisen er ei utmerking til næringslivet i Setesdal. Prisen vart første gong delt ut i 2010 – og det er såleis den 5. prisen i historia som no blir delt ut. Kandidatar til prisen blir føreslege etter kunngjering – medan ein jury kårar vinnaren.

Prisen kan gå til privat verksemd – eigar/leiar ut i frå ei samla vurdering der ein finn at kandidaten har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte, anten det gjeld innsats eller nådde resultat. I det kan ligge å skape / sikre arbeidsplassar, lønsemd og verdiskaping, positiv merksemd, å ha vore banebrytande eller på annan måte utmerka seg på ein særleg positiv måte til beste for næringsliv i Setesdal.

Til årets kåring var det 9 føreslegne kandidatar – der 3 svært sterke og ulike kandidatar vart nominerte til «sluttheatet». I tillegg til vinnaren var desse blant dei nominerte:

*Jo og Yngve Breivegen – Hovden hytteservice med si progressive og solide anleggsverksemd
*Olav Neset som «Setesdalsambassadøren» framom nokon – pådrivar for samarbeid og ueigennyttig innsats for reiselivsnæringa i Setesdal i ei årrekkje.

Så kom sjølve grunngjevinga:

Prisvinnaren er oppfatta som traust og solid. Verksemda har tilpassa seg omverda og marknaden i det stille. Stødig drift, langsam vekst og utviding har kjennemerkt drifta i ei årrekkje. Vinnaren er ei sterk merkevare og profilerer Setesdal dagleg i store delar av landsdelen, sjølv om det har vore tendensar til kontroversar kring målform dei siste åra, – er rota sterk og god i distriktet. Verksemda har verka til beste for heile Setesdal sidan ho vart etablert. Sidan slutten på 60-talet har verksemda lagt små og større konkurrentar og marknader under seg.

I høve statuttane til Setesdalsprisen skal mottakaren ha utmerka seg på en særleg forteneste full måte anten over tid eller siste året. Årets prisvinnar «Er en veldrevet bedrift med god ledelse» har forslagsstiller sagt – og det er ein kvinneleg tidlegare styreleiar som kjenner verksemda meir enn godt! I harde fakta og 2012-tal var omsetnaden då på drøye 77 mill i hovudselskapet og ein eigekapitaldel på 70 %, medan dotterselskapet hadde ein omsetnad på ca 35 mil. Når verksemda gir arbeid til 120 tilsette under felles leiing demrar det nok for det fleste at vi snakkar om ei hjørnesteinsverksemd i regionen.

Årets prisvinnar overraska både seg sjølv og omverda tidleg i 2014. Leiinga av selskapet utviste då imponerande mot og risikovilje for å kunne vidareføre ein sentral og ønskja posisjon i sin bransje framover.

Verksemda har komplettert og skapt tilbod i takt med tilgjengeleg infrastruktur – på veg – frå båt og bane. Verksemda er med eitt blitt «kjempestor» i landsdelsmålestokk og administrerande direktør tok i lag med styret ein kalkulert risiko – i det å vere eller ikkje vere – og kunne bli enda større framover då dei rekna som mest i vinter. Opplyser ein at verksemda vart etablert i 1920 – og at dei vant anbodet for kollektivtrafikken i Agder er kandidaten avslørt.

Setesdalsprisen 2014 går til LL Setesdal Bilruter og administrerande direktør Terje Greibesland.

Juryen har både lagt vekt på tydinga denne verksemda har som arbeidsplass og verdiskapar i regionen – men og lete seg imponere over mot og risikovilje til å satse og vinne det store anbodet i ein bransje som retteleg er konkurranseutsett – og med det og skaffa mye positiv merksemd!

Greibesland får og med seg heiderleg omtale frå juryen for å evne å drive selskapet på ein framifrå måte i lag med styret og dei tilsette, for å levere gode resultat på botnlinja, vere oppfatta som ein god arbeidsgjevar, og å ha evna både å fornye kjerneverksemda gjennom oppkjøp av turbilselskap og utvide til nye virkeområde med storbilverkstad. Greibesland har og næringspolitisk engasjement. Han har hatt styreverv i NHO Agder – og ikkje minst var han med å starte Setesdalskonferansen i lag med «Bedriftsgruppa» kring 2006.

Juryen og alle her vil følgje vidare utvikling av Setesdal bilruter framover med interesse!

Signe Sollien Haugå skreiv dette på vegne av juryen. Eg er takksam for at eg fekk publisere det her på bloggen. Den delen av grunngjevinga som gjeld Setesdal Bilruter ligg og i artikkelen om Setesdal Bilruter på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Bilruter og den delen som gjeld Terje Greibesland ligg på artikkelen om han på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Terje_Greibesland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *