Setesdalswiki på Facebook

Share

Eg har gått ei stund og tenkt på at Setesdalswiki burde vere på Facebook. Men som den gamle mannen eg er, har det ikkje vore så lett å tenke korleis det skulle gjerast. Men så tenkte eg at eg kunne lage ei gruppe for Setesdalskonferansen 2014, så fekk eg litt erfaring. Det gjekk i grunnen greitt, og etter kvart kunne eg legge lenker der til ting eg skreiv om Setesdalskonferansen på Setesdalswiki. I løpet av konferansen var det litt sosial interaksjon med deltakarne i gruppa, dei fleste av dei var på konferansen på Revsnes.

Etter at Setesdalskonferansen var ferdig i går, var det eit tilbod om eit kurs med Ståle Lindblad om sosiale medier. Han gjekk gjennom dei fleste, og eg såg at eg var ikkje heilt grøn, men at det var mykje eg ikkje kunne. Til dømes synte han meg at eg burde opprette ei side for Setesdalswiki, ikkje ei gruppe. Han gjekk og gjennom mykje av alt det ein kan få til på ei Facebookside, men der må eg nok erkjenne at eg ikkje hang med i svingane.

I Wikipedia-samanheng er det eit uttrykk som heiter Be bold, så etter å ha snakka litt med Helge, son min i dag, tenkte eg at eg fekk prøve. Han meinte at for å få dette til, burde eg nok få hjelp av dotter mi, Margunn, for ho hadde gjort noko liknande før.

Eg hadde ikkje meir enn starta på å opprette side for Setesdalswiki på Facebook, så såg ho det frå Sandøya i Porsgrunn og kom meg til hjelp. Ho fekk medstatus som redaktør og kunne dermed hjelpe med å legge inn både bilete og firma frå Facebook på sida mi, så i løpet av halvannan time var sida mykje meir profesjonell enn eg hadde våga å håpe på. Med 50 som likte sida, la ho inn eit bilete av ei setesdalskofte som Reidun hadde strikka, så no har vi litt ulike typar innlegg på sida.

Målet er at fleire skal få augo opp for leksikonet for Setesdal. Det er over 5000 artiklar no, ein finn mykje informasjon der om ein vil bli kjent med regionen. Ta gjerne turen innom og lik sida på Facebook, så spreier ringane seg i vatnet. https://www.facebook.com/Setesdalswiki

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *