Sjølvmelding

Share

Når eg startar på denne bloggen, er det fem minutt att for å levere sjølvmeldinga. Eg trudde det eg gjorde i helga var ok, men så kom eg på noko eg måtte sjekke, og då kunne eg gå inn og korrigere det eg hadde gjort. Men no klokka 24 er det slutt, då må eg ha levert, og det har eg.

Før samla vi på lønnsoppgåver og kontooversyn og sat minst ein heil kveld for å få på plass alle tala i sjølvmeldinga. No brukte eg kan hende ein halv time, eg må jo føre opp nokre tal kvart år fordi eg har dobbel hushaldning. Men den digitale utviklinga stoppar ikkje, for dei fleste av oss treng knapt korrigere noko, og då treng ein ikkje ein gong logge seg inn, i år var det vel slik at om ein ikkje gjorde noko, var tala godkjende.

Når ein sit slik med tala for året som gjekk, då tenkjer ein som regel på at ein skulle hatt noko meir å trekke frå. Det er jo slik at ein kan trekke frå gåver til ein del føremål, men dersom ein ikkje fekk gje dei i fjor, er det jo for seint når april ebbar ut. Så noterer ein at kan hende burde nokre gode føremål som ein støttar få noko i år, men så høver det ikkje akkurat i april, og så går det i gløymeboka, og plutseleg er året omme utan at ein fekk gjere det i år heller.

Då kunne det vere greitt å ha eit budsjett der ein har ført opp noko slikt og så avtalt med banken om å få til eit trekk, slik at ein kunne gje noko til eit føremål ein set pris på og så til og med få trekke frå gåvene på skatten. Men det må planlegging til. I morgon må eg prøve å få til ein slik plan, i morgon, men ikkje i dag, for i dag tek eg no kvelden.

Og i morgon er det mai….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *